Skjema RF-1378
Søkje om eller klage på motrekning i framtidige bidrag
Har du fått eit vedtak frå Nav om at du har betalt for mykje i bidrag, kan du søkje om motrekning. Du får då eit lågare bidrag å betale kvar månad.
Vi kan ikkje betale ut pengane, men bidraget du skal betale kvar månad, blir lågare.
Du kan også klage på eit vedtak om framtidig bidrag.
Dersom du ikkje ønskjer å logge inn for å søkje eller klage, kan du sende ein skriftleg klage til:
Innkrevjingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav,
9917 Kirkenes.
9917 Kirkenes.
Vilkår for motrekning:
- Nav må ha gjort eit vedtak om at du har betalt for mykje.
- Det nye bidragsbeløpet må vere høgare enn eit eventuelt bidragsforskott til bidragsmottakaren.
- Beløpet du har betalt for mykje og det månadlege bidraget må vere knytte til same barn.
- Du må framleis ha løpande bidrag for barnet det er betalt for mykje for.
- Det er berre den som betaler bidraget, som kan søkje om motrekning.
Dersom desse vilkåra ikkje er oppfylte, kan vi ikkje motrekne. Då må du sjølv krevje inn kravet frå bidragsmottakaren, eller krevje det inn via namsmannen.
Klagen skal vere skriftleg og må innehalde
- kva du klagar på – til dømes trekk, saksbehandlinga, innkrevjinga eller skattemotrekning. Merk: Bedrifter og organisasjonar kan berre be om at det blir sett av pengar til livsopphald dersom bedrifta er eit enkeltpersonføretak.
- ei forklaring på kvifor du klagar
- kva du vil oppnå med klagen – til dømes at vi stansar trekk eller motreknar
- underskrift (fysisk eller elektronisk)
- relevant dokumentasjon