Skjema RF-1526

Søk om endring eller stans av utleggstrekk

Skatteetaten kan påleggje utleggstrekk, det vil seie trekk i lønn, pensjon eller andre ytingar, for å få inn skatt som du skuldar. Dersom den økonomiske situasjonen din endrar seg, kan du søkje om å få endra eller stansa trekket.

Som vedlegg godtar vi

  • foto av papirdokument tatt med mobiltelefon/kamera, eller
  • skjermfoto frå datamaskina

Når vi mottar utfylt skjema, vurderer vi storleiken på trekket på nytt. Ser vi at trekket er for høgt, sender vi arbeidsgivaren din eit nytt og lågare trekk. Arbeidsgivaren din kan ikkje trekkje deg mindre før vi har gitt beskjed om dette.

Kven kan søkje?

Privatpersonar kan søkje om endring eller stans av trekk i lønn, pensjon eller andre ytingar.

Du kan også søkje om endring av utleggstrekket på papir. Då bruker du skjemaet “Opplysninger om inntekt og formue” som du fekk saman med varselet om utleggstrekk.

Viss du ikkje har dette skjemaet, kan du laste ned skjemaet som PDF.

Hugs at opplysningane skal dokumenterast og leggjast ved søknaden.

Papirskjemaet sender du til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Endrar vi ikkje trekket og du framleis ønskjer å klage, sender vi klagen din til tingretten. Før tingretten kan behandle klagen din, må du betale eit rettsgebyr. Kontakt oss for hjelp og rettleiing dersom du ønskjer å klage.