Sats for:

Bil – sats for skattefri godtgjersle (kilometergodtgjersle)

Arbeidsgivar kan utbetale kilometergodtgjersle til arbeidstakar for yrkeskøyring med privatbil. Delar av denne godtgjersla skal det eventuelt skattast av.

Trekkfri kilometergodtgjersle er det som kan utbetalast utan at det skal gjennomførast forskottstrekk. Satsen for trekkfri kilometergodtgjersle svarer til det du kan få som skattefri kilometergodtgjersle.

Om det er mogleg å få frådrag for bruk av privatbil i yrkeskøyring, avheng av om arbeidsgivar har høve til å gi skattefri dekning. Frådraget vil likevel inngå i minstefrådraget. Det betyr at du kan få frådrag etter satsane nedanfor dersom dei totale kostnadene dine knytte til arbeid er større enn minstefrådraget. Dersom kostnadene ikkje er større enn minstefrådraget, får du berre minstefrådraget.


Trekkfri og skattefri kilometergodtgjersle og frådragssatsar ved bruk av privat køyretøy i yrkeskøyring.

Satsane gjeld uansett køyrelengd, òg for reiser utanlands.

Køyretøy

Kroner per kilometer

Bil (også elbil)

3,50 kroner per km*

Motorbåt

7,50 kroner per km

Snøskuter og ATV 

10,00 kroner per km

Tung motorsykkel (over 125 ccm)

2,95 kroner per km

Moped eller lett motorsykkel (opptil 125 ccm) og andre motoriserte framkomstmiddel

2,00 kroner per km

 

Satsar for tillegg

Kroner per kilometer

For passasjer

1,00 kroner per km per passasjer

For køyring på skogs- og anleggsveg

1,00 kroner per km

For å ta med seg utstyr og materiell (utstyr som er av ein slik natur og/eller har ei vekt som gjer at det ikkje er naturleg å plassere det i bagasjerom eller på takgrind, til dømes ved bruk av tilhengar)

1,00 kroner per km

 

* Den statlege satsen for kilometergodtgjersle, som du finn i Statens reiseregulativ, er 4,90 kroner per kilometer. Differansen mellom dei to satsane betyr i praksis at du skattar av dei siste 1,40 kronene du får betalt per kilometer.