Sats for:

Gevinst, tap eller utbytte på aksjar

Det er høgare skatt på gevinst og utbytte på aksjar enn på andre kapitalinntekter. Frådraget er også høgare når du sel aksjar med tap. Vi oppjusterer derfor automatisk inntekt på aksjar med eit inntektstillegg, og tap på aksjar med eit ekstra frådrag.

Vi oppjusterer inntekt og frådrag for aksjar og andre finansprodukt som inneheld ein aksjedel, til dømes verdipapirfond, fondskonto og aksjesparekonto.

Du finn oppjusterte beløp for utbytte, gevinst og tap ved sal av aksjar nedst i skattemeldinga di, under oppsummering og skatteberekning. Desse beløpa blir berekna automatisk, og du kan ikkje endre dei.


Skattesats for aksjar

Skatt på gevinst og utbytte for inntektsåret 2023 er 37,84 prosent, mens skatt på andre kapitalinntekter er 22 prosent.

Det same gjeld frådrag. For aksjar er frådragssatsen 37,84 prosent, mens for andre frådrag er satsen 22 prosent.

Gevinst eller utbytte

Dersom du har selt aksjar med gevinst, eller fått utbytte på aksjar, skal du betale 37,84 prosent i skatt. For å berekne skatt på aksjar gongar vi gevinsten eller utbyttet med 1,72. Dette er ei berekning vi gjer automatisk i skattemeldinga for at skatten på aksjar skal bli 37,84 prosent.

I skattemeldinga ser du derfor inntekta du har hatt av sjølve gevinsten eller utbyttet, til dømes 100 000 kroner. I tillegg får du eit oppjustert felt med eit inntektstillegg, til dømes 72 000 kroner.

Gevinst ved sal av aksjar

100 000 kroner

Oppjustering av gevinst ved sal av aksjar

72 000 kroner


I sum blir då inntekta frå aksjar 172 000 kroner. Av denne inntekta på 172 000 kroner skattar du 22 prosent = 37 840 kroner. Dette er altså det same som 37,84 prosent av inntekta frå sjølve gevinsten eller utbyttet på 100 000 kroner.

Du skattar altså same sum, men det blir vist på ein annan måte i skattemeldinga.

Frådrag for tap

Har du selt aksjar med tap, kan du få frådrag for tapet. Skattesatsen på frådrag for tap ved sal av aksjar er 37,84 prosent. For å berekne frådraget, gongar vi tapet med 1,72. Dette er ei berekning vi gjer automatisk i skattemeldinga for at frådraget skal bli riktig.

Tap ved sal av aksjar

100 000 kroner

Oppjustering av tap ved sal av aksjar

72 000 kroner


I skattemeldinga ser du derfor tapet du har hatt ved sal av aksjar, til dømes 100 000 kroner. I tillegg får du eit oppjustert felt med eit ekstra frådrag, til dømes 72 000 kroner.

I sum blir då tapet 172 000 kroner. Av dette tapet på 172 000 kroner kan du få 22 prosent i frådrag = 37 840 kroner. Dette er altså det same som 37,84 prosent av sjølve tapet på 100 000 kroner.

Du skattar altså same sum, men det blir vist på ein annan måte i skattemeldinga.