Sats for:

Kost og losji – sats for frådrag

Dersom du overnattar ein annan stad enn heime på grunn av jobb, kan du i ein periode ha krav på frådrag for meirkostnader til mat (kost) og overnatting (losji) etter satsane under.

Er du på yrkes-/tenestereise utan overnatting, har du også i visse tilfelle rett til frådrag for meirkostnader til kost på reisa.

Som pendlar har du frådragsrett for meirkostnader til kost (mat og drikke) når pendlarbustaden ikkje har kokemoglegheiter. Frådragsretten gjeld i maksimalt 24 månader, rekna frå det tidspunktet du først fekk frådrag for meirkostnadene.

Tidsavgrensinga på 24 månader gjeld òg for losji (buutgifter). Det vil seie at frådragsretten for både kost og losji fell bort etter 24 månader, rekna frå det tidspunktet du først fekk frådraget.

Tidsavgrensinga på 24 månader hadde verknad frå og med inntektsåret 2020. Tidsavgrensinga blir rekna frå 01.01.2018, slik at bortfallet av frådragsretten først skjedde frå 01.01.2020.

Skiftar du kommune for både arbeidsstad og pendlarbustad, kan du få frådrag i ei ny 24-månadersperiode

Kari jobbar i Trondheim, og bur i Oslo med familien sin. Ho byrja å jobbe i Trondheim 01.01.2019, og ho kravde frådrag for husleige (losji) for pendlarbustaden i Trondheim i skattemeldinga for 2019 og 2020.

24-månadersperioden går ut 31.12.2020

Kari kan ikkje føre frådrag for utgiftene sine til losji i skattemeldinga for 2021 eller seinare, fordi 24-månadersperioden gjekk ut 31.12.2020.

Ny jobb

Den 01.01.2023 fekk Kari jobb i Ålesund. Der skaffar ho seg ein ny pendlarbustad. Fordi ho har skifta både arbeidsstad og pendlarbustad til ein ny kommune, kan ho på nytt krevje frådrag for husleige (losji) i skattemeldinga for 2023.

Frådragssatsen svarer til det du kan motta som trekk- og skattefri utgiftsgodtgjersle til dekning av kost og losji.

Kost (mat)

På yrkes-/tenestereiser utan overnatting vil meirkostnader til mat inngå i minstefrådraget for lønnstakarar. I den grad du krev frådrag for faktiske kostnader i staden for minstefrådraget, blir det gitt frådrag for dokumenterte meirkostnader til mat (det vil seie ikkje etter sats) på yrkes-/tenestereisa.

På yrkes-/tenestereiser med overnatting eller pendlaropphald, blir det gitt frådrag for meirkostnader til mat etter fastsette satsar som Skattedirektoratet gir årleg. Frådragsretten føreset at du sjølv har dekt kostnadene til mat. På reiser med overnatting er staden der overnattinga skjer (type losji) avgjerande for kva du kan få i frådrag. I tillegg vil skiljet mellom yrkesopphald og pendlaropphald bety noko dersom overnattingsstaden er privat med kokemoglegheiter eller privat.

Losji

Du får frådrag for dei reelle utgiftene dine til å bu (leige, faste utgifter til pendlarbustad med meir).


Kost

Satsane for meirutgifter til mat (kost) avheng av korleis du bur.

Type losji Sats per døgn
Hotell med frukost: 542 kroner
Hotell utan frukost: 678 kroner
Bustad med kokemoglegheiter (berre ved teneste-/yrkesreise) 105 kroner
Bustad utan kokemoglegheiter* 400 kroner

 

*Som bustad utan kokemoglegheit reknar vi og overnatting på pensjonat eller på brakke uavhengig av om det er mogleg å lage mat i bustaden. For overnatting på brakke gjeld dette frå og med 2023.

Satsane føreset at du dekkjer dei reelle kostnadene til kost sjølv, utan subsidiering med meir frå arbeidsgivar eller annan oppdragsgivar. Tillegg for kostinnsparing er inkludert i alle satsane over.

Losji

Type losji Sats per døgn
Overnattar i eiga campingvogn 78 kroner per døgn