Sats for:

Reiskaps- og verktøyhald – trekkfri og skattefri utgiftsgodtgjersle

Bygningsarbeidarar som må stille på arbeid med sitt eige verktøy kan få ei skattefri og trekkfri utgiftsgodtgjersle frå arbeidsgivaren til å dekkje kostnadene sine til dette.

Skogsarbeidarar som må stille på arbeid med si eiga motorsag og andre reiskapar kan få ei skattefri og trekkfri utgiftsgodtgjersle frå arbeidsgivaren til å dekkje kostnadene sine til dette (avskriving, vedlikehald og driftskostnader).

Tidlegare vart det fastsett ein frådragssats for bygningsarbeidarar og ein godtgjerslesats for skogsarbeidarar på slutten av inntektsåret. Frå og med inntektsåret 2024 blir det fastsett satsar for utgiftsgodtgjersle før starten av inntektsåret.


Utgiftsgodtgjersle  Sats
Bygningsarbeidar verktøy  3 315 kroner per år
Skogsarbeidar – motorsag og annan reiskap   38 kroner per brukstime