Pressemelding

KLP Banken og Skatteetaten samarbeider for å hindra arbeidslivskriminalitet i byggjenæringa

  • Publisert:

Bankane finansierer ein stor del av bustadprosjekta i Noreg og er i ein unik posisjon for å hjelpa kundane sine med å velja seriøse handverkarar. KLP Banken vil gjennom samarbeidet «Tettpå boligkjøper» få bankkundane til å ta gode val når dei skal byggja, pussa opp eller byggja på.  

Gjennom Tettpå boligkjøper får KLP Banken informasjon og råd om kjøp av handverkstenester integrert i rutinane og systema sine på ein god og effektiv måte. Bankane kan spela ei viktig rolle for å nå målet om eit berekraftig arbeidsliv utan arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. 

- Dette samarbeidet er ein viktig del av samfunnsansvaret vårt som bank og finansaktør. Gjennom å hjelpa kundane våre med å ta trygge og informerte val, bidreg me òg til å redusera risikoen for arbeidslivskriminalitet og svart arbeid.  Dette er eit viktig steg mot eit meir berekraftig og seriøst arbeidsliv, seier Marianne Sevaldsen, administrerande direktør i KLP Banken. 
 
Samarbeid mot arbeidslivskriminalitet   
For Skatteetaten er samarbeidet eit viktig verkemiddel i kampen mot arbeidslivskriminalitet og svart økonomi. Byggjenæringa er den næringa med mest arbeidslivskriminalitet, og risikoen er spesielt høg i forbrukarmarknaden. Undersøkingar viser at dei aller fleste ønskjer å handla rett, men mange synest det er vanskeleg å finna informasjon og verktøy som gjer dei trygge i valet av handverkarar. 

- God rådgiving i kjøp av handverkartenester er eit viktig verktøy for å forhindra at useriøse og kriminelle verksemder får oppdrag. Bankane «eig» viktige tidspunkt i brukarreisa til forbrukarane når dei skal byggja, rehabilitera og pussa opp. Dei har òg merksemda til forbrukaren på eit tidleg tidspunkt i prosessane. Her ser me at bankane kan spela ei viktig rolle i å mobilisera, informera og rettleia kundane sine når dei er mest mottakelege for kunnskapen. Bankane har ein stor påverknadskraft som me meiner bør brukast for å nå det felles målet i samfunnet om å førebyggja arbeidslivskriminalitet og få eit endå meir berekraftig arbeidsliv, seier divisjonsdirektør Odd Woxholt i Skatteetaten. 

Vert støtta av Finans Norge 
Finans Norge har følgt bankpiloten med stor interesse. God informasjon på nettsidene til bankane og meir konkret informasjon i ein låneprosess, vil vera til nytte for kundane, bankane sjølv og for samfunnet.   

- Medlemsbankane våre er generelt svært opptekne av å førebyggja økonomisk kriminalitet. Me tilrår derfor at bankane innfører tiltaka som er skisserte i «Tettpå boligkjøper» seier Gry Nergård, forbrukarpolitisk direktør i Finans Norge. 

Byggjenæringa: - Eit kinderegg 
Samarbeidspartnarane i Tettpå er svært positive til at bankane rettleier og hjelper kundane når dei skal kjøpa handverkstenester.  

- Useriøse og kriminelle handverkarar kjem lettare til i forbrukarmarknaden fordi forbrukarane har lågare bestillarkompetanse enn dei næringsdrivande. Sjølv om folk flest ønskjer at byggjearbeid skal gå føre seg i ordna former, kan det vera vanskeleg å orientera seg blant handverksbedrifter. Og sjølv om du får ei kvittering, tyder ikkje det at bedrifta nødvendigvis driv seriøst. Gjennom tiltaket Tettpå får du som forbrukar tilgang til ei sjekkliste med gode tips. Følgjer du denne vert risikoen for både arbeidslivskriminalitet og dårleg handverk redusert, seier Nina Solli, administrerande direktør i NHO Byggenæringen.  

- Me oppmodar fleire bankar til å inngå eit Tettpå-samarbeid og til å informera kundane sine om fordelane med å bruka Tettpå-rettleiaren. Dette er eit kinderegg som legg til rette for at forbrukarane får eit betre produkt, arbeidstakarane får ordna forhold og dei seriøse bedriftene får fleire oppdrag, seier Solli. 

Fair Play Bygg: - Stor nytteverdi 
Fair Play Bygg Norge har trua på at det er stor nytteverdi i at bankane rettleier kundane sine om kjøp av handverkstenester.  

- Mange private forbrukarar veit ikkje korleis dei skal finna ut om handverkaren er seriøs. Nokon vert svindla for store summar og får ein kvalitet på arbeidet som ikkje held mål. Det vert sjølvsagt lagt merke til at KLP Banken fører an i seriøsitetsarbeidet og koplar informasjon og kunnskap om val av handverkarar inn i prosessane og dei digitale flatene deira, lærer opp rådgjevarane sine til å rettleia og mobilisera kundar, og dessutan at dei krev dokumentasjon for lån til byggjeoppdrag. Det er heilt nytt at bankar tek ei så aktiv rolle i val av handverkarar. Det er både gledeleg og på tide at bankane kjem på banen og tek samfunnsansvar på dette området, seier Lars Mamen i Fair Play Bygg Norge.      

Fakta om Tettpå boligkjøper
Tettpå boligkjøper skal kopla informasjon og kunnskap om val av seriøse handverkarar inn i prosessane til bankane, slik at bankane kan informera, påverka og krevja dokumentasjon frå kundar, og dermed redusera risikoen for svart arbeid og arbeidslivskriminalitet.  

Fakta om Tettpå 
Tettpå er eit tiltak mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping på tvers av offentlege etatar, partane i arbeidslivet, byggjenæringa, eigedomsmeklarbransjen, finansnæringa og forbrukarane sine interesseorganisasjonar. Samarbeidspartnarane i Tettpå har i fellesskap laga ein rettleiar med ei sjekkliste og nyttige tips. Han er tilgjengeleg for alle på skatteetaten.no: skatteetaten.no/tettpa/rettleiar

Kontaktinfo 
Skatteetaten: [email protected], tlf. 945 01 000 

KLP: [email protected], tlf. 926 56 530