Pressemelding

Rekordmange ser på tala: No kan du sjekka skattekortet for 2025

  • Publisert:

For å vera sikker på at du ikkje får restskatt eller betaler for mykje skatt, bør du sjekka at opplysningane i skattekortet er rette. Frå og med i dag er skattekortet for inntektsåret 2025 tilgjengeleg på skatteetaten.no.

Fungerende divisjonsdirektør Regine H. Vastvedt

Aldri før har så mange sjekka skattekortet som i år. Meir enn tre millionar har vore inne i skattekortet på skatteetaten.no. Skattekortet ditt viser kor mykje skatt som skal trekkjast frå inntekta di før ho vert utbetalt. No er skattekortet for neste år tilgjengeleg, og det er gode grunnar til å sjekka om opplysningane stemmer.

– I skattekortet bereknar me kor mykje me trur du kjem til å tena, ha i banken og anna som påverkar skatten din i løpet av 2025. Skatteetaten veit ikkje alt om deg, og du må derfor sjekka at opplysningane stemmer, slik at du betaler rett skatt i løpet av året. Tala i skattekortet du no får er ein prognose på kva me forventar at du skal ha av formue, inntekter og frådrag i året som kjem, seier fungerande divisjonsdirektør, Regine H. Vastvedt.

Feil opplysningar kan føra til restskatt

Dersom opplysningane i skattekortet er feil, kan du enda opp med eit høgare skattetrekk gjennom året enn nødvendig. Du kan òg få for lågt skattetrekk, og det gjer at du får restskatt.

– Rådet vårt til alle er å sjekka at tala stemmer med det du forventar å ha i inntekt, frådrag, formue og gjeld i løpet av 2025. Om noko er feil eller noko manglar, må du sjølv endra skattekortet seier Vastvedt.

I tillegg til å sjå over skattekortet no, kan det òg vera lurt å sjekka det minst éin gong til i løpet av året og gjera endringar, om du ser at det trengst.

Du kan sjølv endra skattekortet med å logga deg inn på skatteetaten.no så mange gonger du treng det i løpet av året.

– Du treng ikkje gjera noko etter at du har sendt inn endringane. Me ordnar eit nytt skattekort til deg, og arbeidsgivaren din, Nav eller andre hentar det direkte frå Skatteetaten, seier Vastvedt.

Når bør du sjekka og eventuelt endra skattekortet?

Som ein tommelfingerregel bør du sjekka at opplysningane i skattekortet er rette når det skjer større endringar i livet. Det kan påverka kor mykje skatt du skal betala.

–  Om du i løpet av 2025 til dømes får ei lønnsendring, vert sjukmeld, kjøper eller sel ein bustad, eller pensjonerer deg, bør du vurdera å endra skattekortet ditt, forklarer Vastvedt.

Andre hendingar som kan føra til at du bør gjera endringar i skattekortet, kan vera om du får meir eller mindre lån, eller om renta på lånet ditt endrar seg.

No kan du tena opptil 100 000 kroner skattefritt

Neste år aukar frikortgrensa frå 70 000 kroner til 100 000 kroner. Dermed kan du tena 30 000 kroner meir enn i dag utan å betala skatt. Om du tener mindre enn 100 000 kroner i 2025, skal  du ha eit frikort slik at det ikkje vert trekt skatt. Alle som hadde frikort i 2024, får automatisk frikort for 2025.

Tal frå Skatteetaten viser at det særleg er ungdom som bruker frikort.

Om du allereie no veit at inntekta vert meir enn 100 000 kroner i 2025, er det lurt å bestilla eit skattekort i staden for eit frikort. Tener du meir enn 100 000 kroner utan at du har skattekort, må arbeidsgivaren din trekkja 50 prosent skatt. Betaler du for mykje skatt, får du pengar igjen til neste år.

Sjølv om du kan bruka frikort, og inntekt under 100 000 kroner dermed er skattefrie, er det viktig for ungdommane at inntekta vert rapportert inn slik ho skal. Alle over 13 år får pensjonsopptening frå den første krona dei tener.

Du finn meir informasjon på skatteetaten.no/skattekort

Fakta: Desse postane i skattekortet vert oftast endra

  • Gjeldsrenter
  • Renter på innskott
  • Lønnsinntekt
  • Bankinnskott
  • Gjeld, innanlands
  • Formuesverdi, motorkøyretøy
  • Formuesverdi, primærbustad
  • Verdi for aksjedel i aksjesparekonto (før verdsetjingsrabatt)
  • Formuesverdi for sekundærbustad
  • Verdi for verdipapirfond (aksjedel) i aksjesparekonto, før verdsetjingsrabatt

 

Nyttig info om skattekortet