Pressemelding

Siste skatteoppgjer før sommaren er sendt ut – neste moglegheit er i august

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Nesten 9 av 10 lønnstakarar og pensjonistar har no fått skatteoppgjeret sitt. Det kan vere fleire årsaker til at akkurat du ikkje har fått ditt.

Nesten 4,4 millionar lønnstakarar og pensjonistar har allereie fått skatteoppgjeret sitt. Til saman er det utbetalt nesten 30 milliardar kroner i skatt til gode. Er du blant dei som ikkje har fått skatteoppgjeret ditt, får du det tidlegast 17. august. Etter denne datoen blir skatteoppgjera sendt ut fortløpande etter kvart som dei blir ferdige, fram til slutten av november.

– Vi jobbar fortløpande med å bli ferdige med skatteoppgjera. Men som alltid føregår arbeidet utover hausten, og det er nokon som må vente lengre enn andre, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

Dei vanlegaste årsakene til at nokon må vente

Det er ulike årsaker til at nokon må vente for å få skatteoppgjeret sitt. Skatteetaten kan ikkje gi deg ein konkret dato for når du får skatteoppgjeret ditt, verken på skattekontoret eller per telefon.

– Dei vanlegaste grunnane til at du ikkje har fått skatteoppgjeret ditt er at du er tatt ut i tilfeldig kontroll, at du har ei komplisert skattemelding eller at du er gift med ein som er næringsdrivande, forklarer Gjengedal.

Det er berre dei som har levert skattemeldinga innan fristen som vil kunne få skatteoppgjeret tidlegare enn 29. juni. Har du til dømes brukt leveringsfritaket eller fått skattemeldinga på papir, vil det som regel ta lengre tid før skatteoppgjeret ditt er klart.

Du får beskjed når skatteoppgjeret er klart

Sjølv om du hadde ukompliserte skatteforhold og var rask med å levere skattemeldinga, er du ikkje garantert eit tidleg skatteoppgjer. Skatteetaten tar mellom anna stikkprøver, som betyr at personar tilfeldig blir tatt ut til kontroll. Så snart skattemeldinga til den enkelte er behandla blir det sendt ut skatteoppgjer.

– Vi forstår at mange er opptatt av å få skatteoppgjeret så raskt som mogleg, men som sagt så er det mange forhold som gjer at vi ikkje kan seie konkret når skatteoppgjeret til den enkelte vil vere klart. Du treng ikkje ta kontakt, du høyrer frå oss når skatteoppgjeret ditt er klart, seier Gjengedal.

Les meir om kvifor du ikkje har fått skatteoppgjeret på skatteetaten.no.

Tal og fakta om skatteoppgjeret

Så langt har 4,4 millionar lønnsmottakarar og pensjonistar mottatt skatteoppgjeret sitt. Om lag 2,6 millionar har fått utbetalt til saman 29,7 milliardar kroner, eller 11 300 kroner i gjennomsnitt. Samtidig må knappe 800 000 betale restskatt. I snitt må kvar enkelt betale rundt 39 000 kroner i restskatt.

Viss du har fått skatteoppgjeret no i juni og har fått beskjed om at du skal betale restskatt, er fristen for å betale 20. august. Fekk du over 1 000 kroner i restskatt, blir summen delt opp i to fakturaer. Fristen for å betale den første fakturaen er 20. august, og fristen for den andre fakturaen er 24. september.

Du må betale restskatten sjølv om du har endra skattemeldinga etter fristen eller du har klaga. Dersom du ikkje betaler restskatten i tide, kjem det i tillegg forseinkingsrenter frå forfall og fram til du betaler.

Betaler du ikkje innan fristen, reknar vi det som om du ikkje har betalt. Treng du hjelp, kan du kontakte oss. Du treng ikkje betale restskatt under 100 kroner.

Pressemeldinga på bokmål