Pressemelding
Unngå baksmell: Kvifor skattekortet ditt er viktigare enn du trur
Vil du vera trygg på at du ikkje betaler for mykje skatt i løpet av året, eller endar opp med restskatt til neste år? Då må du sjekka og eventuelt justera skattekortet.
Ferske tal frå Skatteetaten viser at aldri før har så mange sjekka skattekortet. I desember fekk 4,3 millionar eit skattekort som viser kva Skatteetaten har estimert at du skal betala i skatt i løpet av 2025. I løpet av den første månaden har heile 2,4 millionar opna skattekortet. Det er nesten 170 000 fleire enn på same tid i fjor og det høgaste talet nokon gong.
Fungerande divisjonsdirektør i Skatteetaten, Regine H. Vastvedt, fortel at det er positivt at fleire enn tidlegare opnar skattekortet, men påpeikar at det framleis er over 1,8 millionar som enno ikkje har opna skattekortet sitt:
– Det er framleis mange som bør sjekka skattekortet. Opplysningane i skattekortet avgjer kor mykje skatt som skal trekkjast frå inntekta di i løpet av 2025. Sjølv om Skatteetaten har laga eit estimat, er det ditt ansvar at tala blir rette. Det kan ha skjedd endringar som påverkar privatøkonomien din som vi ikkje kjenner til, og som igjen kan påverka kor mykje du skal betala i skatt. Du kan sjekka og endra ved å logga deg inn på Mi side på skatteetaten.no, seier Vastvedt.
Livsendringar kan påverka skatten
Vastvedt trekkjer fram ulike døme på endringar som kan føra til at skatten du skal betala vert anten høgare eller lågare enn Skatteetaten har estimert:
– Har du nyleg vorte pensjonist, betalt ned lånet og fått lågare renteutgifter, byrja å leiga ut ein bustad, eller fått endringar i inntekta di, er det ikkje sikkert at det er teke omsyn til dette i skattekortet. Då er det ekstra lurt å sjekka det for å unngå baksmell i framtida, seier Regine H. Vastvedt.
Dersom du betaler for mykje skatt i løpet av 2025, vil du få skatt til gode når skatteoppgjeret kjem i 2026. Har du derimot betalt for lite skatt i løpet av året, må du betala restskatt.
– Litt enkelt sagt: Er du redd for å få restskatt i 2026, bør du sjekka tala i skattekortet ditt. Vår erfaring er at mange ønskjer å trekkja litt ekstra skatt for å unngå restskatt, fortel Vastvedt.
Dersom tala i skattekortet ditt stemmer, men du likevel ønskjer å trekkja meir skatt, treng du ikkje bestilla eit nytt skattekort.
– Be arbeidsgivaren din, Nav eller pensjonsutbetalaren om å trekkja meir i skatt. Dei pliktar å gjera det dersom du ber om det, seier Vastvedt.
Dette endrar folk
Sjølv om rekordmange har sjekka skattekortet sitt, viser tala frå Skatteetaten at det så langt i år er færre som har gjort endringar.
Fakta: Dette endrar folk oftast i skattekortet:
- Lønnsinntekter
- Gjeld, innanlands
- Bankinnskot
- Gjeldsrenter
- Innskotsrenter
- Formuesverdi på primærbustad
- Formuesverdi på motorkøyretøy
- Verdi for aksjedel i aksjesparekonto
– Du kan når som helst opna og endra skattekortet i løpet av året. Basert på opplysningane du legg inn, reknar vi ut eit nytt skattekort for deg. Det nye og oppdaterte skattekortet blir henta automatisk av til dømes arbeidsgivarar og pensjonsutbetalarar, seier Vastvedt.
Du finn meir informasjon om skattekortet her.