Kven må betale arbeidsgivaravgift
Som arbeidsgivar pliktar du å betale arbeidsgivaravgift av lønn og anna godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold.
To vilkår må vere oppfylte
- Du må kunne definerast som arbeidsgivar
- Utbetalinga må vere arbeidsgivaravgiftspliktig
Vilkåra inneber at du ikkje skal betale arbeidsgivaravgift når arbeidet eller oppdraget er utført som eit ledd i sjølvstendig næringsverksemd.
Viss arbeidet er utført av ein som er sjølvstendig næringsdrivande
Du skal betale arbeidsgivaravgift av godtgjersla når ein sjølvstendig næringsdrivande utfører arbeid eller oppdrag for deg som ikkje er knytt til næringsverksemda til vedkommande.
Skattefrie institusjonar og organisasjonar
Institusjonar og organisasjonar som er skattefrie, er pliktige til å betale arbeidsgivaravgift når dei opptrer som arbeidsgivarar. For velgjerande eller allmennyttige institusjonar og organisasjonar er det store avgrensingar i avgiftsplikta.
Velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon
Du skal ikkje betale arbeidsgivaravgift for lønt arbeid for ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon når lønnsutgiftene ikkje er knytte til den skattepliktige næringsverksemda til institusjonen eller organisasjonen.
Fritaket gjeld berre
- dersom dei totale lønnsutgiftene til institusjonen eller organisasjonen som er tidfesta i inntektsåret, ikkje overstig 800 000 kroner
- for lønnsutbetalingar per tilsett som ikkje overstig 80 000 kroner i inntektsåret
Som lønnsutgifter blir også rekna fri kost og losji, utbetalte feriepengar og andre avgiftspliktige ytingar som overskott på trekkpliktige utgiftsgodtgjersler.
Konkursbu og dødsbu
Både konkursbu og dødsbu blir rekna som alle andre arbeidsgivarar med plikt til å betale arbeidsgivaravgift ved vidare drift av verksemda.
Eit dødsbu blir ikkje rekna som ein privat arbeidsgivar. Derfor er det avgiftsplikt frå første krone for avgiftspliktige utbetalingar frå dødsbu.
Ved eigarskifte i verksemda
Ved overføring av verksemda eller ein del av verksemda til ein annan innehavar, vil den nye eigaren vere pliktig til å betale arbeidsgivaravgift av ytingar som den tilsette har erverva rett til før verksemdsoverdraginga, men som blir ytte av den nye eigaren.
Privatpersonar
Om du som privatperson får utført lønt arbeid i den private heimen din eller fritidsbustaden din; til dømes vedlikehaldsarbeid eller hagearbeid i heimen eller på hytta, kan du bli rekna som ein arbeidsgivar.
Du skal ikkje betale arbeidsgivaravgift på lønnsutbetalingar for arbeid i privat heim og fritidsbustad viss
- lønna ikkje gir rett til frådrag for deg
- arbeidet ikkje er ein del av næringsverksemda til arbeidstakaren
- lønna ikkje overstig 60 000 kroner i løpet av inntektsåret
Barnepass
Du skal ikkje betale arbeidsgivaravgift på lønnsutbetalingar for privat pass av barn som ikkje har fylt 12 år før utgangen av inntektsåret, eller som har særleg behov for omsorg og pleie.