Årstermin for små verksemder

Nokre verksemder kan rapportere meirverdiavgift ein gong i året. For dette gjeld visse reglar.

Å rapportere meirverdiavgift ein gong i året kallar me for årstermin.

Følgjande krav gjeld for deg som søkjer om årstermin:

  • Meirverdiavgiftspliktig omsetning og uttak i løpet av eit kalenderår må ikkje vere meir enn ein million kroner (utan meirverdiavgift).
  • Du må ha vore registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret i minimum tolv månader.
  • Du må også ha levert mva-meldingane og betalt meirverdiavgifta i tide.

Søknadsfrist for årstermin

Søknadsfristen er 1. februar.

Søknadsperiode

Det er berre i perioden frå 10. desember til og med 1. februar du kan søkje om årstermin. Du kan ikkje søkje etter at fristen har gått ut.

Frist for innsending av mva-melding

Frist for innsending av mva-melding er 10. mars (gjeld deg som har søkt om og fått innvilga årstermin)

Du må sende inn mva-meldingen sjølv om omsetninga for perioden er null.

For å endre kor ofte du leverer mva-melding må du ha ei av desse rollene: 

  • avgrensa signeringsrett
  • kontaktperson NUF (norskregistrert utanlandsk føretak)

Gå tilbake til å rapportere annankvar månad?

Dersom du ønskjer å gå tilbake til å rapportere meirverdiavgifta annankvar månad, må du gi beskjed til Skatteetaten om dette. Då må du rapportere annankvar månad minimum dei to neste åra.