Klage på vedtak om særavgift
Viss du har fått eit vedtak frå Skatteetaten, har du rett til å klage.
Du kan klage på
- vedtak om registrering, endring eller sletting i særavgiftsregisteret
- vedtak om tilleggsskatt
- vedtak om fastsetjing av særavgift
- vedtak om avvist klage
Klagen må vere skriftleg. Det må komme fram kva vedtak du klagar på og den eller dei endringane du ønskjer. Du bør også nemne grunngivinga for å klage, og eventuelle andre opplysningar og dokumentasjon som kan ha noko å seie for vurderinga av klagen.
Klagen må vere send innan seks veker etter at du fekk vedtaket eller vedtaket vart gjort tilgjengeleg for deg.
Dersom klagefristen på seks veker er passert, vurderer skattekontoret om klagen skal behandlast likevel.
Når vi vurderer dette, legg vi mellom anna vekt på kor lang tid som har gått sidan vedtaket vart gjort, kor god informasjon Skatteetaten har om saka, kor stor betydning det har for deg å få gjort om vedtaket og kva som er grunnen til at klagen er send inn etter fristen.
Klagen kan uansett årsak ikkje behandlast som ei klagesak dersom det er gått meir enn eitt år sidan vedtaket vart gjort.
Dine rettar og plikter
Om du ikkje allereie har fått ei grunngiving for vedtaket, kan du be Skatteetaten om dette innan utgangen av klagefristen. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny klagefrist går frå du får grunngivinga.
Du kan ha rett til å få dekt sakskostnader etter reglane om fri rettshjelp. Statsforvaltaren i fylket ditt kan gi nærare informasjon.
Om du får medhald i klagen, kan du få dekt vesentlege og nødvendige kostnader du har hatt i samband med klagesaka. Skatteetaten kan gi nærare informasjon.
Dersom du har klaga på eit enkeltvedtak, har du likevel plikt til å betale kravet til ordinært forfall. Viss du ikkje gjer dette, vil det komme på forseinkingsrenter.
Dersom du klagar på tilleggsskatt, er du ikkje forplikta til å betale denne delen av kravet medan klage- eller domstolsbehandlinga går føre seg. Det vil likevel komme på avsavnsrenter etter skattebetalingslova § 11-2 på den delen av tilleggsskatten som blir halden fast på.
Avsavnsrenta blir berekna frå forfall for kravet og fram til klagen er avgjord eller endeleg rettsavgjerd ligg føre. Avsavnssrenta svarer til den pengepolitiske styringsrenta slik ho er fastsett av Noregs Bank per 1. januar det aktuelle året, tillagt 1 prosentpoeng.
Dersom vedtaket om tilleggsskatt blir halde fast på av klageinstansen eller domstolen, pliktar du å betale tilleggsskatten straks avgjerda ligg føre. Frå dette tidspunktet vil det komme på forseinkingsrenter.
Vi tilrår deg å sende klagen elektronisk, men du kan også sende klagen på papir til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Du kan få hjelp frå ein fullmektig til å klage på vegner av verksemda di. Ein fullmektig kan anten vere ein privatperson eller ei profesjonell verksemd, til dømes ein advokat. Du må gi den som skal vere fullmektig tilgang til å logge seg inn på vegner av verksemda.
Det gjer du ved å gi den som skal vere fullmektig ein av desse tilgangspakkane i Altinn:
- Særavgift
- Rekneskapsførar med signeringsrett
For å gi andre fullmakter på vegner av verksemda, må du vere dagleg leiar, tilgangsstyrar eller hovudadministrator i verksemda.
Skattekontoret vurderer klagen
Dersom du klagar, vil skattekontoret vurdere klagen. Viss vedtaket ikkje blir omgjort, sender skattekontoret klagen vidare til Skattedirektoratet.
Andre forhold du bør vere merksam på
Viss vedtaket du har fått går ut på at du har betalt for mykje særavgift, får du utbetalt det du har betalt for mykje. Beløpet blir utbetalt til det kontonummeret du oppgir i klagen dersom kontonummeret kan knytast til deg eller verksemda di. Før ei eventuell utbetaling vil vi motrekne i eventuell skatt, meirverdiavgift og visse andre avgifter som du skuldar oss og som har forfalle.
Du kan ha krav på renter av det beløpet du har fått utbetalt. Normalt blir renter utbetalte samtidig med avgiftsbeløpet.
Viss vedtaket du har fått går ut på at du skal betale inn særavgift og/eller renter, må du bruke dei betalingsopplysningane som står i vedtaket.
Når du har fått eit vedtak om særavgift fordi du har betalt feil avgiftsbeløp, blir det berekna renter. Rentene blir berekna frå det tidspunktet rett avgift skulle vore betalt, eventuelt frå det tidspunktet du fekk utbetalt for høgt beløp. Om du ikkje betaler skuldig beløp innan den forfallsdatoen som er oppgitt i vedtaket, kjem det på meir renter.
Viss du har betalt renter av etterberekninga, kan du trekkje frå desse rentene på skattemeldinga for formues- og inntektsskatt (skattemeldinga). Det er derimot ikkje frådragsrett for tilleggsskatt.
Om du får utbetalt renter, skal du føre desse opp som skattepliktig inntekt.
Vedtaket om fastsetjing kan også ha andre skattemessige konsekvensar.