Erstatning til bedrifter og organisasjonar
Viss verksemda di er tilkjend erstatning i ei straffesak, kan vi hjelpe til med å krevje inn pengane.
Slik kan vi hjelpe dykk
Frivillig innkrevjing
Vi kan hjelpe verksemda di med frivillig innkrevjing om de er tilkjend erstatning for ei straffbar handling. Vi krev inn renter berre når det står i førelegget eller dommen at vi skal gjere det.
Tvangsinnkrevjing
Om ikkje verksemda di har ressursar til det sjølv, kan vi i nokre tilfelle hjelpe til med tvangsinnkrevjing. I dei fleste tilfelle må de sjølve sende saka til alminneleg namsmann viss kravet ikkje blir betalt inn frivillig.
Dette må de gjere
De vil få eit brev frå oss der vi ber om løyve til å krevje inn pengane på vegner av verksemda. I brevet finn de også informasjon om kva vi treng av dokumentasjon. I løyvet må de også oppgi kontonummeret til verksemda.