Konkurs
Sjå kva de kan gjere viss bedrifta dykkar har fått eit konkursvarsel eller har gått konkurs.
Bedrifta har fått eit konkursvarsel
Viss bedrifta dykkar har fått eit konkursvarsel, er det viktig at de gjer det de kan for å unngå ein konkurs, eller redusere konsekvensane av ein konkurs.
Viss bedrifta har fått eit konkursvarsel, må de sørgje for å betale kravet som bedrifta skuldar om de kan. Betalingsinformasjonen finn de i konkursvarselet de har fått, eller ved å logge på Altinn.
Om bedrifta ikkje har betalt kravet innan fristen i konkursvarselet, vil Skatteetaten vurdere å be tingretten om å opne konkurs.
Viss bedrifta ikkje kan betale med ein gong, kan de søkje om ein betalingsavtale.
Om de har opplysningar som kan påverke om bedrifta kan gå konkurs, til dømes at bedrifta har eigedelar Skatteetaten ikkje kjenner til, bør de informere oss om dette.
Det er viktig at bedrifta behandlar alle kreditorane sine likt. Om de til dømes betaler til enkelte, men lèt andre vente, kan slike betalingar bli gjort om (omstøytte) i ein konkurs.
De kan risikere å bli haldne personleg ansvarlege dersom dei andre kreditorane taper pengar på grunn av dette.
De kan få hjelp frå rekneskapsføraren eller revisoren dykkar til å få oversikt over økonomien.
Ein advokat kan gi råd om kva rettar og plikter de har.
Personleg ansvar for nokre typar krav
For nokre typar krav kan du, som dagleg leiar, styremedlem eller ein annan med ansvar, bli halden personleg ansvarleg. Dette gjeld sjølv om selskapet er eit aksjeselskap (AS).
Døme på krav du kan bli personleg ansvarleg for er rekneskapsgebyr, garantiansvar eller krav med solidaransvar.
Skatteetaten kan fremje erstatningssøksmål om vi meiner kravet vårt ikkje er dekt på grunn av at leiinga har opptredd aktlaust.
Bedrifta er under konkursbehandling
Under ei konkursbehandling mistar bedrifta retten til å bestemme over eigedelane sine, og tingretten utnemner ein bustyrar som får ansvar for bubehandlinga. Ta kontakt med bustyraren for å få informasjon om rettar og plikter.
Skatteetaten vil sende ei oversikt over krava våre til bustyraren. Dersom det er midlar i buet, vil bustyraren fordele desse til kreditorane etter prioriteten og storleiken på krava.
Du som har eit enkeltpersonføretak kan ikkje søkje om betalingsavtale eller gjeldsordning medan du, og dermed også føretaket ditt, er under konkursbehandling.
For selskap
For eit selskap må bustyraren levere skattemeldinga for den inneverande skattleggingsperioden og krevje førehandsfastsetjing før konkursbuet blir oppløyst.
Enkeltpersonføretak
For eit enkeltpersonføretak skal både du som eigar av føretaket og konkursbuet levere skattemeldinga, men for ulike forhold:
- Konkursbuet skal levere skattemelding for inntekter og formue som tilhøyrer buet etter konkursopninga. Dette gjeld til dømes inntekter frå sal av eigedelar i buet.
- Du skal levere skattemelding for inntekter og formue som ikkje inngår i buet, og for perioden før konkursopninga. Du må også opplyse om eventuelle skattefrie inntekter som er trekte inn i buet.
Viss bedrifta opphøyrer før konkursopninga, må de gi beskjed til Skatteetaten. Då blir bedrifta sletta frå Meirverdiavgiftsregisteret.
Når konkursen blir opna
- blir bedrifta automatisk sletta frå Meirverdiavgiftsregisteret frå same dato, utan at de treng å gjere noko. Bedrifta kan sende endringsmelding for terminar før konkursen på den siste terminen verksemda var registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.
- tar konkursbuet over pliktene og rettane til bedrifta knytte til meirverdiavgift. Konkursbuet skal registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret viss bedrifta var registrert eller registreringspliktig på tidspunktet for konkursopninga. Buet må betale meirverdiavgift ved sal og uttak etter konkursopninga, på same måte som før konkursen.
Bedrifta kan ha rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift ved ein konkurs.
Når konkursbehandlinga er avslutta
Konkursen kan avsluttast utan at alle krava er betalte. Kva som skjer med resten av gjelda avheng av kva type bedrift de har hatt.
Viss bedrifta som har gått konkurs er eit selskap med avgrensa personleg ansvar, til dømes eit aksjeselskap (AS), blir som regel resten av gjelda sletta.
For nokre typar krav kan du, som dagleg leiar, styremedlem eller ein annan med ansvar, bli halden personleg ansvarleg. Dette gjeld sjølv om selskapet er eit aksjeselskap (AS).
Døme på krav du kan bli personleg ansvarleg for er rekneskapsgebyr, garantiansvar eller krav med solidaransvar.
Skatteetaten kan fremje erstatningssøksmål om vi meiner kravet vårt ikkje er dekt på grunn av at leiinga har opptredd aktlaust.
Du er sjølv ansvarleg for gjelda som står att etter at konkursbehandlinga er avslutta. Det betyr at du framleis må betale det du skuldar.
Søkje om betalingsavtale eller gjeldsordning
Du kan søkje Skatteetaten om ein betalingsavtale, eller namsmannen om offentleg gjeldsordning (politiet.no).