Betale krav vi krev inn for andre
Betalingsinformasjon for bedrifter og organisasjonar som skal betale forseinkingsgebyr, finanstilsynsavgift, sakskostnader, tvangsmulkt, straffegebyr, dokumentavgift og årsgebyr vi krev inn på vegner av andre offentlege aktørar.
Denne sida gjeld krav frå ei rekkje offentlege aktørar vi krev inn pengar på vegner av, men ikkje krav frå Nav.
Du kan betale kravet med kort eller i nettbanken
Kontonummeret du skal bruke er 7694 05 12057.
Når du betaler, må du skrive inn heile KID-nummeret. Sluttar KID-nummeret med ein bindestrek, må du taste inn bindestreken òg.
Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.
Du kan betale med kort utan å logge deg inn.
Når du betaler, må du skrive inn heile KID-nummeret. Sluttar KID-nummeret med ein bindestrek, må du taste inn bindestreken òg.
Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.
Det kan vere rimelegare å betale med kort enn å betale frå ein utanlandsk bank.
Betalingsinformasjon:
Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Noreg
Bank: DNB, Postboks 1600 Sentrum, NO-0021 Oslo
BIC (SWIFT): DNBANOKKXXX
IBAN: NO98 7694 0512 057 (dei to første er bokstavar, resten er tal)
Bruk KID-nummeret frå den tilsende betalingsblanketten når du betaler, elles blir ikkje innbetalinga knytt til deg. Sluttar KID-nummeret med ein bindestrek, må du taste inn bindestreken òg. Alternativt kan du bruke «referansen vår» eller «kravnummer» som betalingsinformasjon på kravet.
Er forfallsdatoen passert, og det er renter på kravet, må du ta kontakt med oss for å få oppgitt det nøyaktige beløpet.
Kan du ikkje betale heile kravet?
Du bør alltid betale kravet om du kan. Om du ikkje kan betale, kan du søkje om ein betalingsavtale.