Sjå krav og betalingar for bedrifter

Du kan få oversikt over krav og betalingar som bedrifta har hos Skatteetaten.

Du kan logge deg inn for å sjå skatte- og avgiftskrav, erstatningskrav og krav vi krev inn på vegner av andre offentlege instansar, unntatt Nav.

Gjeld dette deg?

Dette gjeld deg som er innehavar eller dagleg leiar i ei bedrift, rekneskapsførar eller revisor.

Sjå krav og betalinger

Du kan logge deg inn for å sjå skatte- og avgiftskrav, erstatningskrav og krav vi krev inn på vegner av andre offentlege instansar, unntatt Nav.

Viktig informasjon

Ver merksam på at det kan ta nokre dagar før oversikta over inn- og utbetalingar blir oppdatert.

Du kan også laste ned ei kontoutskrift som viser alle transaksjonane.

Har du eit enkeltpersonføretak, ser du også dei personlege krava og betalingane dine knytte til forskottsskatt, restskatt og tilleggsskatt. 

 

Om du treng ei oversikt over krava dine frå Nav, må du ta kontakt med oss.

Bestille konto- eller saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift

Du kan bestille ei utskrift som viser alle inn- og utbetalingane for ein vald periode. Du får oversikt over innbetalingar som er gjorde, og kva krav som har vorte dekte.