Motrekning

Dersom bedrifta eller organisasjonen din skuldar oss pengar, kan pengar dei har til gode hos det offentlege bli brukt til å betale ned denne gjelda. Dette blir kalla motrekning. 

Du får eit brev frå oss med ei oversikt over kva krav som er motrekna. Om du framleis har pengar til gode etter motrekninga, får du dette utbetalt.

Når du får brevet om at vi motreknar deg, har vi allereie starta motrekninga for kravbeløpet som står i brevet, og vi kan ikkje stoppe motrekninga.

Har du betalt for mykje, vil du få pengane betalt tilbake frå oss.

Du kan klage på motrekninga viss

  • du meiner at kravet ikkje er rett, det vil seie om du meiner at grunnlaget for kravet er feil
  • du har eit enkeltmannsføretak og du treng pengane til ditt eige livsopphald

Du vil ikkje få medhald i klagen din viss til dømes

  • motrekninga skjer mellom krav av same type (til dømes at restskatt blir motrekna i skatt til gode)
  • du har bestilt ferie
  • du har eit privat lån du hadde tenkt å betale ned
  • du hadde tenkt å setje av pengane til sparing

Hugs å opplyse om at du klagar på vegner av bedrifta, ikkje som privatperson.

Logg inn:

Send klage

Du kan også sende klagen i posten. Klagen må vere skriftleg og signert. Du må grunngi klagen din. Hugs å leggje ved relevant dokumentasjon.

Send klagen til:

Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Logg inn og fyll ut RF-1373:

For å kunne sende inn skjemaet for andre, må du ha tilgang på vegner av personen eller verksemda du representerer. Oversikt over rollene og rettane dine finn du i profilen din i Altinn (altinn.no).

For å fylle ut og sende inn skjemaet, må du ha anten

  • Altinn-rolla Begrenset signeringsrett

eller

  • tilgangspakke Innkreving

Kontakt Altinn brukarservice (altinn.no) om du har problem med roller og rettar.

Du kan også sende klagen i posten. Klagen må vere skriftleg og signert. Du må grunngi klagen din. Hugs å leggje ved relevant dokumentasjon.

Send klagen til:

Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Klagefrist

Fristen for å klage vil gå fram av brevet du har fått.