Avgjerd om utlegg
Har ikkje bedrifta eller organisasjonen din betalt det dei skuldar innan betalingsfristen, har vi plikt til å undersøkje korleis vi kan få dekt kravet.
Når vi skal vedta utlegg – også kalla utleggsforretning – undersøkjer vi kva de eig og om vi kan ta pant i eigedelar.
Betalingsmerknad
Ei avgjerd om utlegg kan føre til at det blir registrert ein betalingsmerknad på deg eller bedrifta di. Ein betalingsmerknad vil gjere det vanskeleg å få nye lån, kredittar og abonnement som til dømes mobilabonnement.
For å få sletta betalingsmerknaden, må de betale krava.
De kan stoppe avgjerda om utlegg ved å betale
De kan stoppe ei avgjerd om utlegg ved å betale heile kravet, inkludert renter og kostnader. Pengane må vere registrerte hos oss før vi vedtar utlegget.
Dersom de ikkje kan betale før avgjerda om utlegg
Om de har fått varsel om at vi skal vedta utlegg og de ikkje kan betale, kan vi ta pant i eigedelane til bedrifta.
De bør gi opplysningar om eigedelar og eigedommar som kan ha noko å seie for kva vi eventuelt tar pant i.
De har rett til å klage på avgjerda om utlegg.
Klagefristane kan variere frå sak til sak. De finn informasjon om klagefristen og korleis de kan klage i breva frå oss.
Ei avgjerd om utlegg kan ha to utfall:
- Vi tar utleggspant
Dette betyr at vi tar pant i eigedelar (formuesgode), til dømes fast eigedom, bil, bankkontoar eller verdipapir. Vi kan då be om tvangssal av det vi har tatt pant i. Om vi tar pant i ein bankkonto, vil kontoen bli sperra for det aktuelle beløpet. - Vi finn ingenting å ta utlegg i
Det betyr at vi ikkje har funne eigedelar vi kan ta pant i.
De kan få ein betalingsmerknad i begge desse tilfella.