Betalingsmerknader

Om vi vedtar eit utlegg, til dømes med pant i noko bedrifta eller organisasjonen din eig, melder vi dette inn til offentlege register. Kredittopplysningsbyråa har tilgang til desse registera, og vil registrere ein betalingsmerknad på dykk.

Ein betalingsmerknad vil gjere det vanskeleg å få nye lån, kredittar og abonnement som til dømes mobilabonnement.

Slik oppstår betalingsmerknader

De kan få betalingsmerknad hos kredittopplysningsbyråa viss

Korleis blir betalingsmerknaden sletta?

Når krava i betalingsmerknaden er betalte, får dei aktuelle offentlege registera beskjed om dette. Kredittopplysningsbyråa registrerer og slettar betalingsmerknader ut frå tilgangen sin til desse registera. Ønskjer de ei oversikt over betalingsmerknadene til bedrifta, må de derfor kontakte eit kredittopplysningsbyrå.

Frå vi har fått oppgjeret frå dykk, tar det vanlegvis litt tid før slettinga er oppdatert hos finans- og kredittinstitusjonane.