Pant i eigedelar
Dersom bedrifta eller organisasjonen din har eit ubetalt krav som vi tvangsinnkrev, kan vi ta eit utleggspant i det bedrifta eller organisasjonen eig. Dette betyr at det vi har tatt pant i, seinare kan seljast for å dekkje kravet.
Før eit utleggspant
For å ta pant i verdiane til bedrifta eller organisasjonen din, må vi først vedta utlegget der vi vurderer korleis vi skal kunne dekkje kravet de skuldar. Vi varslar dykk vanlegvis før vi tar denne avgjerda.
Vi kan ta pant i det bedrifta eig
Vi kan ta pant i fast eigedom som til dømes hus, hytte eller tomt. Vi kan også ta pant i bankkontoar, verdipapir, bil, båt eller annan verdifull lausøyre. Hovudregelen er at vi kan ta utlegg i alle eigedelane eller verdiane som tilhøyrer bedrifta eller organisasjonen. De har plikt til å fortelje oss om alt de eig som det er mogleg å ta pant i.
Vi vil aldri ta pant i meir enn det som er nødvendig for å få dekt kravet.
Om vi tar pant i noko bedrifta eller organisasjonen eig, blir det registrert ein betalingsmerknad på eigaren.
Dersom vi tar pant i ein bankkonto, vil kontoen bli sperra for det aktuelle beløpet.
Når kontoen er sperra, kan vi be banken om å overføre heile eller delar av dette beløpet til oss for å dekkje ubetalte krav.
Har vi har tatt pant i noko du eller bedrifta di eig, kan vi bruke pantet som grunnlag for tvangssal for å få dekt ubetalte krav.
Du vil få eit varsel før eit eventuelt tvangssal.
For å få sletta eit utleggspant, må du betale krava som er grunnlaget for pantet.
Det er som ein hovudregel mogleg å klage på utleggspantet fram til vi har bede om tvangssal av det vi har tatt pant i.
Klagefristane kan variere frå sak til sak. Du finn klagefristen som gjeld di eiga eller bedrifta si sak, i breva frå oss.