Betale krav frå Nav

Betalingsopplysningar for bedrifter og organisasjonar som skal betale forsikringar, tilbakekrevjing av sjukepengar og andre krav frå Nav.  

Kontonummer

Bruk kontonummer 8276 03 00256.

Du skal betale til dette kontonummeret viss saka di gjeld til dømes 

  • innbetaling av forsikringspremie for enkeltpersonføretak 
  • tilbakekrevjing av sjukepengar frå arbeidsgivar 
  • tvangsmulkt/gebyr på vegner av Nav Aa-register (arbeidsgivar-/arbeidstakarregisteret) 
  • lønnsgarantikrav 
  • refusjon for utlegget til staten i yrkesskadeordninga frå Yrkesskadeforsikringsforeningen 

Bruk KID-nummeret som står på fakturaen

Du skal alltid bruke det KID-nummeret som står på fakturaen. Skriv heile KID-nummeret. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, skal bindestreken også vere med.

Dersom du ikkje kan betale med KID, må du oppgi fødselsnummer, organisasjonsnummer eller saksnummer når du betaler til oss.