Betalingsavtalar for krav frå Nav
Bedrifter og organisasjonar kan søkje om å dele opp dei fleste krava frå Nav. Unntaka gjeld forsikringspremiar, som må betalast fullt ut for å behalde rettane.
Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og dermed trekk i inntekta di.
Du kan ikkje dele opp eit forsikringskrav
Eit krav om forsikringspremie må betalast fullt ut, viss ikkje mister du rettane i forsikringa.
- Krav under 100 000 kroner skal vere nedbetalte innan 2 år, og det månadlege beløpet må vere på minst 500 kroner.
- Krav på 100 000 kroner eller meir skal vere nedbetalte innan 4 år.
Du kan sjølv føreslå eit månadleg betalingsbeløp over minimumsbeløpa. Vi vurderer forslaget ditt opp mot vilkåra våre.
Du kan ikkje ha fått varsel om utlegg for krava du søkjer betalingsavtale for, og det kan heller ikkje vere vedtatt at du skal trekkjast i inntekta di.
Du kan ikkje klage på ein betalingsavtale.