Sjå krav og betalingar for bedrifter
Du kan få oversikt over krav og betalingar som bedrifta har hos Skatteetaten.
Du kan logge deg inn for å sjå skatte- og avgiftskrav, erstatningskrav og krav vi krev inn på vegner av andre offentlege instansar, unntatt Nav.
Gjeld dette deg?
Dette gjeld deg som er innehavar eller dagleg leiar i ei bedrift, rekneskapsførar eller revisor.
Sjå krav og betalingar
Du kan logge deg inn for å sjå skatte- og avgiftskrav, erstatningskrav og krav vi krev inn på vegner av andre offentlege instansar, unntatt Nav.
Ver merksam på at det kan ta nokre dagar før oversikta over inn- og utbetalingar blir oppdatert.
Du kan også laste ned ei kontoutskrift som viser alle transaksjonar mellom deg og Skatteetaten.
Du kan også laste ned ei kontoutskrift som viser alle transaksjonane.
Har du eit enkeltpersonføretak, ser du også dei personlege krava og betalingane dine knytte til forskottsskatt, restskatt og tilleggsskatt.
Om du treng ei oversikt over krava dine frå Nav, må du ta kontakt med oss.