Store vasskraftverk

Det er eigne skattereglar for inntekter frå store vasskraftverk, det vil seie kraftverk med generatorar som har ei samla merkeyting på minst 10 000 kVA. Under finn de informasjon om grunnrenteskatt, naturressursskatt, formuesverdi og rapporteringskrav for eigarar av slike kraftverk.

Kven gjeld det?

Eigarar av store vasskraftverk skal betale grunnrenteskatt og naturressursskatt, i tillegg til alminneleg inntektsskatt. Eit kraftverk blir rekna som stort dersom det har generatorar som har ei samla merkeyting på minst 10 000 kVA.

Eigaren av kraftverk i denne samanhengen er den som har dei mest vesentlege eigarfullmaktene, til dømes

  • rett til å selje eller hindre sal av kraftanlegget
  • rett til å pantsetje
  • rett til å delta i vidare utbygging
  • rett til å bestemme produksjonsvolum og produksjonstid
  • plikt til å dekkje investerings- og driftskostnader

Informasjon om småkraftverk under 10 000 kVA

Dette må verksemdene gjere

Eigarar av store vasskraftverk må fastsetje grunnrenteinntekta, naturressursskatten og formuesverdien i skattemeldinga og i næringsspesifikasjonen.

Løpenummeret til kraftverket skal førast opp i skattemeldinga. Løpenummeret identifiserer kraftverket, og følgjer av NVE sin vasskraftdatabase over utbygde kraftverk.

Kraftverk skal få tildelt eit løpenummer allereie frå byggjestart. Verksemdene får tildelt løpenummer ved å melde inn byggjestart av kraftverk til NVE.

Naturressursskatten blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av den samla produksjonen i kraftverket dei siste sju åra. Grunnlaget skal reduserast med eventuell pumpekraft.

Satsen er 1,34 øre/KWH.

Naturressursskatten gir frådrag i skatt på alminneleg inntekt. Er naturressursskatten høgare enn skatten på alminneleg inntekt, skal det overskytande beløpet framførast til seinare år med renter. 

Grunnlaget for grunnrenteskatten blir berekna ut frå inntektene frå kraftproduksjonen, fråtrekt driftskostnader og andre kostnader som knyter seg til kraftproduksjonen.

Grunnrenteinntekta blir fastsett særskilt for kvart kraftverk. Eig verksemda fleire kraftverk, må kvart kraftverk vurderast separat når grunnrenteskatten skal bereknast.

Som eitt og same kraftverk blir rekna generatorar tilkopla turbinar som har inntak og utløp i vassdraget same stad, slik at same vassfall blir utnytta.

Grunnlaget for grunnrenteskatten blir berekna slik:

Berekna brutto salsinntekt
+ Gevinst ved realisasjon av driftsmiddel som blir nytta i kraftproduksjonen
+ Driftsstøtte til produksjon av ny vasskraft
+ Inntekt frå utskrivne elsertifikat
+ Inntekt frå utskrivne opphavsgarantiar
= Brutto grunnrenteinntekt
- Driftskostnader som regulært følgjer av kraftproduksjonen
- Eigedomsskatt for kraftverket
- Konsesjonsavgift
- Skattemessige avskrivingar av driftsmiddel tilknytte kraftproduksjonen (investeringar før 2021)
- Tap ved realisasjon av driftsmiddel
- Berekna friinntekt (kompensasjon for at investeringar før 2021 må frådragsførast over tid)
- Tilsvarande kostnader komne på i byggjetida
- Investeringskostnader frå og med 2021 som elles er aktiveringspliktige
- Særleg berekna selskapsskatt
= Årets grunnrenteinntekt (før frådrag for tidlegare års negative grunnrenteinntekt)

Brutto grunnrenteinntekt

Brutto grunnrenteinntekt blir sett til summen av spotmarknadsprisane i år multiplisert med den faktiske produksjonen ved kraftverket i dei tilhøyrande tidsavsnitta. Produksjonen skal førast opp i kWh.

Krafta skal i visse tilfelle verdsetjast til ein annan pris enn spotmarknadsprisen. Dette gjeld

  • sal av konsesjonskraft
  • langsiktige avtalar om levering av kraft eller leigeavtale inngått før 1. januar 1996 mellom uavhengige partar
  • langsiktige avtalar inngått etter 1. januar 1996 på stortingsbestemde vilkår med varigheit på sju år eller meir
  • langsiktige avtalar inngått etter 1. januar 1996 med uavhengig kjøpar med varigheit på minst sju år, føresett at avtalen har ein samla leveranse på minst 150 GWh i løpet av kontraktsperioden og at krafta blir forbrukt i produksjonsverksemda til kjøparen.
  • langsiktig kjøpekontrakt med uavhengig kjøpar inngått frå og med 1. januar 2024, som ikkje er levert i samsvar med vilkåra som er fastsette av Stortinget, som har ei varigheit på tre til sju år
  • kraft som blir brukt i eiga produksjonsverksemd
  • kraft som blir levert til straumleverandørar i samsvar med langsiktig fastpriskontrakt, og som blir levert vidare i samsvar med standard fastprisavtale i sluttbrukarmarknaden (standardiserte fastprisavtalar)

Om den skattepliktige eig fleire vasskraftverk, og i tillegg eig vindkraftanlegg eller inngår i eit skattekonsern med selskap som eig vasskraftverk og/eller vindkraftanlegg, må leveransane fordelast på dei ulike vasskraftverka og vindkraftanlegga etter nærare reglar.

Andre inntekter som inngår i grunnrenteinntekta

  • gevinst ved realisasjon av driftsmiddel som blir nytta i kraftproduksjonen
  • driftsstøtte til produksjon av ny vindkraft
  • inntekt frå utskrivne elsertifikat
  • inntekt frå utskrivne opphavsgarantiar

Frådrag i grunnrenteinntekta

Det blir gitt frådrag i brutto grunnrenteinntekt for driftskostnader som knyter seg til kraftproduksjonen. Frådragsretten i grunnrenteinntekta er snevrare enn frådragsretten i den alminnelege inntekta.

  • arbeidslønn og andre personalkostnader for personar som er tilknytta kraftproduksjonen
  • vedlikehaldskostnader
  • forsikringskostnader
  • administrasjonskostnader
  • erstatningar til grunneigarar
  • tap ved realisasjon av driftsmiddel som blir nytta i kraftproduksjonen (og som ikkje er omfatta av kontantstraumskatten)
  • kostnader ved innmating av kraft til nettet

  • sals-, overførings- og finanskostnader
  • kostnader til leige av fallrettar

Kostnader som er til nytte ved produksjonen i fleire kraftverk, eller som er til nytte både i kraftproduksjonen og i anna verksemd, må fordelast etter nærare reglar.

Investeringskostnader

Frå og med inntektsåret 2021 blir investeringskostnader frådragsførte direkte i grunnrenteinntekta (kontantstraumskatt). Investeringskostnaden blir trekt frå direkte i grunnrenteinntekta det inntektsåret kostnaden blir aktiveringspliktig i den alminnelege inntekta.

Investeringskostnader før 1. januar 2021 kjem til frådrag gjennom avskrivingar og friinntekt. Friinntekta blir berekna ut frå gjennomsnittleg verdi på driftsmiddel pr. 1. desember og 31. desember i inntektsåret, multiplisert med ei normrente.

Berekna selskapsskatt

Det blir gitt frådrag i grunnrenteinntekta for ein særleg berekna selskapsskatt, knytt til den delen av verksemda som er grunnrenteskattepliktig.

I grunnlaget for berekna selskapsskatt inngår dei same inntektene og kostnadene som blir brukte ved fastsetjinga av grunnrenteskatten. Investeringskostnadene som blir frådragsførte direkte i grunnrenteinntekta (kontantstraumskatt) skal likevel ikkje frådragsførast direkte ved berekninga av selskapsskatten, men frådragsførast gjennom avskrivingar etter dei alminnelege reglane i skattelova.

Negativ grunnrenteinntekt

Er frådraga i grunnrenteinntekta høgare enn brutto grunnrenteinntekt, blir grunnrenteinntekta negativ.

Den negative grunnrenteinntekta blir trekt frå i eventuell positiv grunnrenteinntekt ved eit anna kraftverk som den skattepliktige eig. Dersom grunnrenteinntekta etter denne samordninga framleis er negativ, blir skatteverdien utbetalt av den negative grunnrenteinntekta.

Satsar for grunnrenteskatt

Grunnrenteskattesatsen blir fastsett årleg av Stortinget.

For 2025 er grunnrenteskattesatsen fastsett til 57,7 prosent. Etter frådrag for berekna selskapsskatt i grunnrenteinntekta, utgjer den effektive skattesatsen 45 prosent.

Formuesverdien for kraftanlegg med generatorar som har ei påstempla merkeyting på minst 10 000 kVA, blir fastsett ved å berekne noverdien av forventa framtidige inntekter og kostnader frå drifta, neddiskonterte over uavgrensa tid. Frå denne noverdien blir noverdien av framtidige utskiftingskostnader trekt frå.

Med kraftanlegget siktar ein til sjølve kraftstasjonen og tilhøyrande reguleringsanlegg, eller andelar i slike.

Forenkla oversikt over korleis formuesverdien blir berekna:

            Gjennomsnittlege salsinntekter
-           Gjennomsnittlege driftskostnader
-           Gjennomsnittleg grunnrenteskatt
=          Kontantstraum frå drifta
÷          Kapitaliseringsrente
=          Noverdi av kontantstraum over uendeleg tid
-           Noverdien av framtidige utskiftingskostnader
=          Formuesverdi

Kontantstraumen frå drifta blir berekna ut frå gjennomsnittet av salsinntektene dei siste i fem åra, driftskostnadene og grunnrenteskatten.

Formuesverdien skal nyttast som eigedomsskattegrunnlag dersom han ligg mellom ein berekna minimumsverdi og maksimumsverdi. Minimumsverdien utgjer kr 0,95 pr. kWh av gjennomsnittleg samla produksjon dei siste sju åra. Maksimumsverdien utgjer kr 2,74 pr. kWh av gjennomsnittleg samla produksjon dei siste sju åra. Eigedomsskattegrunnlaget skal derfor ikkje setjast lågare enn minimumsverdien eller høgare enn maksimumsverdien.

Satser og nøkkeltall

Skattesats:

For 2025 er skattesatsen fastsatt til 57,7 prosent. 

Rentesatser

For 2025 er rentesatsene beregnet til:

Normert risikofri rente  4,0 prosent
Normrente ved kapitalisering 4,5 prosent
Rente for fremføring av ubenyttet fradrag for naturressursskatt 3,5 prosent
Normrente for friinntekt 3,1 prosent
Rente for fremføring av negativ grunnrente fra før 2007 4,7 prosent
Rente for tilbakeføring av negativ grunnrenteinntekt ved realisasjon av vannkraftanlegg 3,1 prosent

  • Stortinget fastsetter skattesatsen for grunnrenteinntekten hvert år.
  • Norges bank publiserer årsgjennomsnittet av renten på statskasseveksler med 12 måneders gjenstående løpetid. Eksempel for inntekståret 2025.
  • Finansdepartementet fastsetter normrente ved kapitalisering i forskrift (FSFIN §18-8-4)
  • Skattedirektoratet beregner årlig de øvrige rentesatsene for grunnrenteinntekten.
  • Måten renten skal beregnes på er fastsatt i forskrift (FSFIN §§18-8-2 og 18-8-3).
  • Rentene avrundes til nærmeste tiendedels prosentpoeng (FSFIN §18-8-5).

Spesielt for verksemder som:

For selskap med deltakarfastsetjing blir inntekta og formuen først fastsett på selskapet sjølv, som om selskapet var skattepliktig, og deretter fordelt på deltakarane etter eigardelen. Deltakaren sin del av inntekta og formuen blir oppgitt i skattemeldinga til deltakaren.

Det er unntak for selskap som driv kraftproduksjon, der deltakarane sel det vesentlege av kraftproduksjonen på sjølvstendig basis (såkalla produksjonsfellesskap). I slike tilfelle skjer det ikkje noko oppgjer på selskapsnivå. I staden blir eigedelane, gjelda, inntektene og kostnadene til selskapet fordelte direkte på kvar enkelt deltakar ut frå eigardelen. Inntekta og formuen blir fastsett på deltakarane sjølve.

Når eit kraftanlegg ligg i fleire kommunar, skal eigedomsskattegrunnlaget fordelast forholdsmessig mellom kommunane. Fordelinga skal byggje på plasseringa av dei ulike delane av anlegget i kvar kommune, og i same forhold som kostprisen for dei ulike driftsmidla. Verksemdene må rapportere desse opplysningane til Skatteetaten. Eventuelle påkostingar i kraftanlegget kan medføre korrigeringar av kommunefordelinga, og skal også rapporterast.

Rettskjelder