Sentralisert levering
Representerer du ei verksemd som skal levere melding for suppleringsskatt (GIR) på vegner av verksemder i utlandet (sentralisert levering), må du inkludere opplysningar om kva land dei ulike delane av fila skal utvekslast til.
Opplysningsplikta til ei verksemd kan oppfyllast gjennom sentralisert levering av melding for suppleringsskatt (GIR). Ved sentralisert levering leverer den rapporterande verksemda ei samla melding for suppleringsskatt (GIR) på vegner av andre verksemder i konsernet.
Sentralisert levering av melding for suppleringsskatt (GIR) kan berre brukast i eller med land der Noreg har ein avtale om utveksling av suppleringsskatteopplysningar med. Ei oversikt over kva land Noreg har slik utvekslingsavtale med kjem fram av lista publisert på OECDs nettsider;
For at verksemda kan bruke sentralisert levering av melding for suppleringsskatt (GIR), må utvekslingsavtalen vere aktivert før leveringsfristen. Lista over aktiverte utvekslingsavtalar finn du på lista over
Aktiverte utvekslingsavtalar (OECD)
I dei tilfella der vi ikkje har høve til å utveksle opplysningar med eit land under utvekslingsavtalen, vil verksemda kunne ha ei lokal opplysningsplikt i det landet ho er lokalisert. Verksemda er sjølv ansvarleg for å setje seg inn i nasjonale rapporteringskrav og sørgje for at opplysningsplikter i andre land blir overhaldne.
For rekneskapsåret 2024 kan du likevel leggje til grunn at Noreg kan utveksle suppleringsskatteopplysningar med landa som kjem fram av lista over land som er venta å vere klare for sentralisert levering før 31. mai 2026 (OECD).
Når det øvste morselskapet eller ei anna utpeika verksemd leverer melding for suppleringsskatt (GIR) på vegner av andre verksemder i konsernet, skal informasjon om verksemda som leverer melding for suppleringsskatt (GIR) førast opp i elementet Filingsinfo. Ekementet FilingsCE Role må fyllast ut med verdien GIR401 (øvste morselskap) eller GIR402 (utpeika rapporterande verksemd).
Vidare må elementet RecJurCode i dei aktuelle delane av XML-fila fyllast ut med landkode for dei landa fila skal utvekslast med. Sjå Globe Information Return XML Schema s. 7–8 for rettleiing om «Dissemination of Globe Information» (OECD) om kva delar av XML-fila som blir utveksla til kva land.