Validering av melding for suppleringsskatt (GIR)
Før du sender inn melding for suppleringsskatt (GIR) tilrår vi at du testar meldinga i valideringstenesta vår.
Tenesta er eit verktøy du kan bruke for å kontrollere at XML-fila er i samsvar med gjeldande tekniske spesifikasjonar og krav frå Skatteetaten.
Dette bør du førebu
For å få eit best mogleg utbytte av tenesta, tilrår vi at du set deg godt inn i Skatteetaten sine krav til innhald og teknisk format for melding for suppleringsskatt (GIR).
Sjå rettleiinga vår til utfylling av melding for suppleringsskatt (GIR)
Du må også setje deg godt inn i XSD-krava (XML Schema Definition) som blir stilte til fila. Vi tilrår at du testar XML-fila gjennom ein XSD-validator før du bruker valideringstenesta vår. Då får du sikra at XML-fila samsvarer med XSD-krava. Som offentleg verksemd kan ikkje Skatteetaten tilrå eit valideringsverktøy framfor andre. Det finst mange gratis valideringsverktøy som kan brukast.
For å hjelpe deg i arbeidet med å lage XML-fila som skal sendast inn, har vi laga fleire dømefiler som viser deg korleis XML-fila skal vere strukturert.
Slik bruker du valideringstenesta
Når du lastar opp XML-fila i tenesta gjer vi ein automatisk kontroll av ein del opplysningar. Er det feil eller manglar i fila vil du få ei tilbakemelding på kva som er feil og kvar i fila feilen er.
I kontrollen kan det dukke opp ulike typar feil og manglar.
Ein merknad er ei tilbakemelding frå Skatteetaten om at det kan vere feil eller manglar i fila som du bør vurdere om du skal rette før du sender henne inn. Du kan sende inn melding for suppleringsskatt (GIR) med merknader, men det kan føre til oppfølging både i samband med fastsetjing av skatt i Noreg og ved utveksling av opplysningar til utlandet.
Andre feil, markert som feil i tenesta, vil hindre innsending og må rettast før melding for suppleringsskatt (GIR) kan sendast inn.
Når du har logga inn, kan du laste opp XML-fila di. Du kan teste XML-fila i tenesta så mange gonger du ønskjer.
Vi har laga ei oversikt over kva reglar som blir kontrollerte med skildring og rettleiing for å rette dei. Oversikta finn du når du har logga inn i valideringstenesta.
For å kunne sende inn må verksemda du representerer vere registrert i Einingsregisteret. Du må i tillegg ha rolla eller tilgangspakken som gir deg rettar.
Roller
Avgrensa signeringsrett (SISKD)
Rekneskapsførar med signeringsrett (A0239)
Ansvarleg revisor (A0237)
Tilgangspakkar
Skatt næring
Rekneskapsførar med signeringsrett
Ansvarleg revisor
Tenesta “suppleringsskatt”
Ein avgrensa tilgang som berre gir høve til å validere og levere melding for suppleringsskatt (GIR), notifikasjon, skattemelding for suppleringsskatt og skrive til oss om suppleringsskatt.
Du finn informasjon om roller og rettar hos Altinn. Det er også Altinn du må kontakte om du lurer på noko om tildeling og delegering av roller og rettar.
Kontakt oss
Har du spørsmål om suppleringsskatt kan du logge inn på nettsidene våre og skrive til oss.