Filing Info
Bruk OECD-rettleiingane saman med presiseringane våre her for å unngå feil eller merknader i Filing Info når du sender inn melding for suppleringsskatt (GIR) til oss. Rettleiing for utfylling av XML-fila følgjer av OECDs XML User Guide s. 19-22.
Filing Info inneheld opplysningar om innsendar. Filing Info består av fire hovudelement: FilingsCE, AccountingInfo, Period og NameMNE.
Slik fyller du ut meldinga
- ResCountryCode: før opp landkode for Noreg – NO.
- TIN elementet: før opp organisasjonsnummeret (9 siffer) til verksemda som sender inn melding for suppleringsskatt (GIR). Organisasjonsnummeret som blir oppgitt her må vere det same som innlogga verksemd, som også er oppgitt i Message Header. Organisasjonsnummeret må vere eit gyldig norsk organisasjonsnummer. I attributtet IssuedBy skal landkode for Noreg “NO” oppgivast.
- FilingCERole: før opp ein av dei førehandsdefinerte verdiane “GIR401” og “GIR 404“, avhengig av kva rolle den rapporterande verksemda har. Elementet blir også brukt for å indikere om fila skal utvekslast med andre land eller ikkje.
- DocSpec: før opp verdien “OECD1” i elementet DocTypeINdic. Dei alternative førehandsdefinerte verdiane skal ikkje brukast ved levering av melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg. Elementet DocRefId skal fyllast ut med ein valfri tekst som gir ein unik referanse, til dømes “GIR2024NOII“, der II blir erstatta med eit nytt tal for kvar del av fila.
AdditionalInfo skal ikkje brukast av verksemder som leverer melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg.
FilingCERole
I elementet FilingCERole er det fem førehandsdefinerte verdiar som kan brukast. Ved levering av melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg skal dei aktuelle kodane brukast slik:
- GIR401 – Ultimate Parent Entity: Blir brukt når det øvste morselskapet i konsernet leverer melding for suppleringsskatt (GIR) på vegner av seg sjølv og andre verksemder lokaliserte i utlandet. Koden indikerer at fila skal utvekslast med styresmakter i utlandet.
- GIR402 – Designated Filing Entity: Blir brukt når ei anna verksemd enn det øvste morselskapet er utpeika til å levere melding for suppleringsskatt (GIR) på vegner av verksemder lokaliserte i utlandet. Koden indikerer at fila skal utvekslast med styresmakter i utlandet.
- GIR403 – Designated Local Entity: Blir brukt når ei norsk verksemd er utpeika til å levere melding for suppleringsskatt (GIR) på vegner av seg sjølv og andre norske verksemder. Koden kan berre brukast der fila ikkje skal utvekslast med styresmakter i utlandet. Denne koden skal også brukast for rapportering av øvste morselskap i nasjonale konsern.
- GIR404 – Constituent Entity: Blir brukt når ei verksemd leverer melding for suppleringsskatt (GIR) berre på eigne vegner.
- GIR405 – Other: Denne koden skal ikkje brukast ved levering av melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg.
Merk at når GIR401 (øvste morselskap) eller GIR402 (utpeika rapporterande verksemd) blir brukt, er dette ein indikasjon på at fila skal utvekslast med styresmakter i andre land (sentralisert levering). Verksemda som leverer melding for suppleringsskatt (GIR) må då sjå til at landkodane for dei landa meldinga er meint å bli levert på vegner av (og som informasjon skal utvekslast med) er lagd inn i RecJurCode elementa i General Section, Summary, Jurisdiction Section og eventuelt UTPRATTRIBUTION elementa i XML-fila (Sjå XML Schema User Guide s. 23, 36, 42 og 123).