General Section

Bruk OECD rettleiingane saman med presiseringane våre her for å unngå feil eller merknader i General Section når du skal sende inn melding for suppleringsskatt (GIR) til oss. Rettleiing for utfylling av XML-fila følgjer av OECDs XML Schema User Guide s. 22-35.

General Section inneheld opplysningar om konsernstruktur, identifikasjon av verksemder i eller med tilknyting til konsernet, og kva land dei er lokaliserte i.

General Section skal fyllast ut i tråd med XML Schema User Guide s. 22–35. Dette gjeld også der XML-fila ikkje er meint for utveksling (sentralisert levering). Dette betyr at informasjon om alle verksemdene i konsernet eller med tilknyting til konsernet (konserneiningar og felleskontrollerte verksemder, og dessutan undereiningane deira), skal takast inn i General Section uavhengig av kvar dei er lokaliserte.

Slik fyller du ut meldinga

RecJurCode

Oppgi landkode for Noreg – NO. Viss melding for suppleringsskatt (GIR) er meint for utveksling med andre land, må elementet RecJurCode også innehalde landkodar for alle land som skal få opplysningar i General Section. I tillegg må verdien “GIR401” eller “GIR402” førast opp i FilingCERole i Filing Info for å indikere at General Section er meint for utveksling. Skal opplysningar ikkje utvekslast, er det nok å føre opp landkoden for Noreg. Før opp verdien “GIR403” eller “GIR404” i FilingCERole elementet i Filing Info for å indikere at General Section ikkje skal utvekslast.

IDType Rules

I General Section skal det i elementet IDTypeRules førast opp kva reglar ei verksemd er omfatta av. Det vil seie kva reglar som er innførte i det aktuelle landet der verksemda er lokalisert, sjå XML Schema User Guide s. 14–15. Alle kodane som er aktuelle for eit land skal førast opp for kvar verksemd. For verksemder lokaliserte i Noreg, skal elementet IDType/Rules fyllast ut med både “GIR202” og “GIR204”. Ei oversikt over kva land som har innført kvalifiserte reglar om skatteinkludering, skattefordeling og nasjonal suppleringsskatt finn du hos OECD. 

QUTPR

QUTPR elementet skal ikkje fyllast ut om det ikkje er nokon land som har skattleggingsrett under ein kvalifisert regel om skattefordeling for det aktuelle rekneskapsåret. Dersom konsernet er i startfasen av den internasjonale verksemda si, kan elementet Art9.3 brukast for å indikere at unntaksregelen i supl. § 2-14 er valt. Sjå også XML User Guide s. 32–33 for rettleiing om utfylling av QUTPR. Når denne valregelen blir brukt, skal informasjon om valet også blir reflektert i Jurisdiction Section i InitiallntActivity elementet.

AdditionalDataPoint

I General Section skal AdditionalDataPoint elementet berre fyllast ut viss eit land har gitt særskild rettleiing om dette. Skatteetaten har ikkje gitt slik rettleiing, og elementet skal derfor normalt ikkje brukast ved levering av melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg. Viss melding for suppleringsskatt (GIR) blir levert i Noreg på vegner av verksemder som er lokaliserte i utlandet (sentralisert levering), må verksemda sjølv setje seg inn i eventuelle lokale opplysningsplikter i dei tilfella der utfylling av melding for suppleringsskatt (GIR) skal følgje nasjonale reglar i utlandet. 

DocSpec 

Oppgi verdien “OECD1” elementet i DocTypeIndic. Dei alternative førehandsdefinerte verdiane skal ikkje brukast ved levering av melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg. Elementet DocRefId skal fyllast ut med ein valfri tekst som gir ein unik referanse, til dømes “GIR2024NOII“, der II blir erstatta med eit nytt tal for kvar del av fila.