Message Header

Bruk rettleiinga i OECD sin XML Schema User Guide saman med presiseringane våre i rettleiinga her for å unngå feil eller merknader i Message Header (MessageSpec) når du skal sende inn melding for suppleringsskatt (GIR) til oss. 

Message Header inneheld metadata og informasjon for å identifisere fila.

Message Header i XML-fila og i rettleiinga frå OECD er bygd opp med utveksling av opplysningar mellom land som føremål. Dette gjer at ikkje alle dataelementa er relevante når du skal sende inn melding for suppleringsskatt (GIR) til oss. Vi har derfor laga ei oppsummering av kva dataelement som er relevante og må fyllast ut for levering av melding for suppleringsskatt (GIR) via løysinga på nettsidene våre. 

Slik fyller du ut meldinga

  • SendingEntityIN: oppgi organisasjonsnummeret (9 siffer) til verksemda som sender inn melding for suppleringsskatt (GIR). Organisasjonsnummeret som blir oppgitt her må vere det same som du vel når du er innlogga for å levere meldinga. 
  • Transmittingscountry: skal berre innehalde landkode for Noreg – NO
  • ReceivingCountry: skal berre innehalde landkode for Noreg – NO
  • MessageType: oppgi verdien “GIR”
  • MessageRefID: blir fylt ut med valfri tekst som gir ein unik referanse, til dømes StatusNO2024xxx, der xxx blir erstatta med dei tre første bokstavane i namnet til verksemda eller liknande.
  • MessageTypeIndic: oppgi verdien “GIR101”. Verdiane “GIR102” og “GIR103” skal ikkje brukast. Om du har behov for å gjere endringar i melding for suppleringsskatt (GIR) etter at meldinga er sendt inn, må du sende ein førespurnad om endring til oss. 
  • ReportingPeriod: oppgi dato for siste dag i rekneskapsåret rapporteringa gjeld for (datoen skal svare til siste dag i rekneskapsåret for det øvste morselskapet i konsernet. Datoen som blir oppgitt her skal vere lik dato i Period/-End elementet i Filing Info). Dato blir fylt ut i format yyyy-mm-dd.
  • Timestamp: blir fylt ut med dato og tidspunkt for utfylling eller innsending av melding for suppleringsskatt (GIR) i format yyyy-mm-dd’T’hh:mm:ms

Viss XML-fila ikkje inneheld desse elementa, eller elementa ikkje er fylte ut, vil fila ikkje vere i samsvar med XSD-krava. Melding for suppleringsskatt (GIR) vil då få valideringsfeil ved opplasting av fila og det vil ikkje vere mogleg å sende henne inn. 

Følgjande element må ikkje fyllast ut

Message Header består i tillegg av desse elementa som ikkje treng å bli fylte ut:

  • Warning
  • Contact

Du vil ikkje få feil eller merknader om du lèt desse elementa stå utan verdi når du sender inn melding for suppleringsskatt (GIR) til oss.