OECD-rettleiing og XSD-krav
Krav til innhald og teknisk format i melding for suppleringsskatt (GIR) følgjer OECD sine internasjonale krav for Globe Information Return.
Dette inneber at rettleiingane utarbeidde av OECD for utfylling av Globe Information Return også skal leggjast til grunn ved utfylling av melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg.
OECD har publisert to sentrale rettleiingar om utfylling av Globe Information Return:
Rettleiing for utfylling av Globe Information Return
OECD si rettleiing til utfylling av Globe Information Return
Her finn du rettleiinga knytt til innhaldet og datapunkta i Globe Information Return som skal inn i XML-fila.
Rettleiinga gir ei skjematisk framstilling av innhaldet og datapunkta i Globe Information Return, og avvik derfor noko frå oppbygginga av XML-formatet. Skilnaden skal berre vere av teknisk art, og rettleiinga vil vere førande for kva opplysningar du skal føre opp i dei ulike delane av XML-fila når du sender inn meldinga for suppleringsskatt (GIR).
XML rettleiing: XML Schema User Guide
OECD sin XML Schema User Guide
Her finn du ei teknisk brukarrettleiing til XML-fila for Globe Information Return.
Rettleiinga skildrar oppbygginga av XML-fila og gir ein systematisk gjennomgang av kvart enkelt dataelement med tilhøyrande attributt. Rettleiinga gjer også greie for dei tekniske krava til utfylling, altså kva dataelement som er obligatoriske (valideringselement) og som må vere med for at fila skal bli godtatt, og dessutan tekniske formateringskrav som bruk av boolean-verdiar, avrunding av beløp og opplysningar om prosentdelar.
Merk at XML Schema User Guide primært er utarbeidd for utveksling av opplysningar mellom skattestyresmakter. Somme element i fila er derfor ikkje relevante for verksemder som leverer melding for suppleringsskatt (GIR) til Skatteetaten. Nokre av desse elementa må likevel fyllast ut for å tilfredsstille XSD-krava våre.
Den delen av rettleiinga som gjeld Corrections i OECD sin XML Schema User Guide er ikkje aktuell for verksemder som leverer melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg. Om du har behov for å gjere endringar i melding for suppleringsskatt (GIR) etter at meldinga er sendt inn, må du sende ein førespurnad om endring til oss.
XSD-krav
Support Materials - Globe Information Return (Pillar Two) XML Schema (OECD)
XSD-krava fastset tekniske krav til strukturen og innhaldet i XML-fila som må oppfyllast for at fila skal vere gyldig.
Melding for suppleringsskatt (GIR) må leverast i XML-format. XML-fila må følgje XSD-krava (XML Schema Definition) som er publiserte av OECD.
I OECD sin XML Schema User Guide er dei ulike dataelementa markerte anten som obligatoriske «validation» eller valfrie eller vilkårsbunde obligatoriske «optional». Alle element som er eit «validation» element må vere til stades og fyllast ut ved leveringa av melding for suppleringsskatt (GIR) for å oppfylle XSD-krava våre.
Vi tilrår å validere XML-fila gjennom ein ekstern XSD-validator før du sender henne inn. Som offentleg verksemd kan ikkje Skatteetaten tilrå nokre valideringsverktøy framfor andre. Det finst mange gratis valideringsverktøy på internett som kan brukast. Det er også ein XSD-validator i Skatteetaten si innleveringsløysing og valideringsteneste, slik at filvedlegg med formatfeil ikkje er mogleg å sende inn.