Nordisk trekkavtale
Den nordiske trekkavtalen er ein avtale mellom dei nordiske landa som omhandlar innbetaling av forskotstrekk og overføring av innbetalt skatt. Bruksområdet for avtalen er skatt på arbeidsinntekter, pensjons- og trygdeutbetalingar og overføring av selskapsskatt.
Formålet med avtalen er først og fremst å avklare forholdet mellom skattestyresmaktene i dei nordiske landa, slik at forskotstrekk berre blir utført i éin stat – anten bustadsstaten eller arbeidsstaten. Tilgangen til å krevje forskotstrekk blir søkt lagt til staten som mest sannsynleg vil kunne skattleggje inntekta etter skatteavtalen.
Dersom den tilsette under arbeidsopphaldet i Noreg framleis skal vere på forskotstrekk i heimlandet sitt, må arbeidsgivaren fylle ut skjemaet NT 1 (Nordisk Trekkavtale) for å bekrefte at forskotstrekk blir betalt i bustadsstaten. Arbeidsgivar og skattestyresmaktene i heimlandet til arbeidstakaren skal skrive under på skjemaet. Skattestyresmaktene i heimlandet sender skjemaet til Skatteetaten i Noreg. For at arbeidsgivaren skal få fritak for trekkansvar i Noreg, må skjemaet må vere motteke av Skatteetaten i Noreg når arbeidet startar.
Skatteetaten kan gi meir detaljert informasjon om trekkavtalen.