Viktig informasjon

Vil du hjelpe oss med å bli bedre? Vi jobber med å gjøre det lettere å finne fram på sidene om betaling og innkreving, og trenger din hjelp.

Betalingsavtale for skatte- og avgiftskrav

Hovudregelen er at skattar og avgifter skal betalast ved forfall. Privatpersonar og næringsdrivande kan søkje om betalingsavtale, men det er strenge vilkår for å få ein slik avtale.

Ein betalingsavtale kan vere ein avtale om betalingsutsetjing, avdragsordning eller ein kombinasjon av begge delar. 

Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for

  • skatt og/eller arbeidsgivaravgift
  • meirverdiavgift (mva.)
  • særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift

I praksis skal det meir til for å få ein betalingsavtale for aktive næringsdrivande sidan det vil kunne verke konkurransevridande i marknaden.

Viktig informasjon

Vi kan ikkje kan stanse innkrevjinga medan vi behandlar søknaden din, og det vil derfor komme på forseinkingsrenter frå forfallsdatoen og fram til kravet er betalt.

Slik søkjer du om betalingsavtale

For å kunne få ein betalingsavtale, må alle vilkåra under vere oppfylte:

  • Du er ikkje i stand til å betale på vanleg måte.
  • Du må foreslå ein betalingsplan, og den må vere det beste du kan tilby. Betalingsplanen må innehalde alle forfalte krav til Skatteetaten.
  • Betalingsplanen må vere bedre for Skatteetaten enn om vi fortset innkrevjinga.
  • Betalingsavtalen kan ikkje vere støtande eller svekkje den alminnelege betalingsmoralen. Skatteetaten vurderer dette.

  • Forklaring på kvifor du ikkje kan betale i tide eller på vanleg måte.
  • Forslag til betalingstilbud eller nedbetalingsplan. Betalingstilbudet må vere det beste du kan gje.
  • Oversikt over inntekter og utgifter husstanden.

Søknaden må omfatte alle skatte- og avgiftskrava du har.

Døme på utgifter og korleis du må dokumentere dei

  • bustadlån – terminbeløp, nedbetalingstid og kven som er eigaren av lånet
  • husleige – kopi av kontrakten eller spesifisert faktura
  • bustadforsikring forsikringsavtale eller spesifisert faktura
  • kommunale avgifter – kopi av faktura
  • barnepass (SFO/AKS eller barnehage) – kopi av faktura
  • barnebidrag – kopi av bidragsavtale og dokumentasjon på at bidraget blir betalt
  • at du er student dersom det er tilfelle – kopi av studiebevisog stadfesting frå Lånekassen på at du får/ikkje får studielån

Viss du ikkje er elektronisk brukar eller du ikkje kan sende inn alle vedlegga elektronisk, må du sende inn søknadsskjema på papir. Då tar det lengre tid før du får svar på søknaden din.

Du kan laste ned søknadsskjemaet som ein PDF og fylle det ut. Send søknaden til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Kven kan søkje:

  • aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA)  
  • norskregistrerte utanlandske føretak (NUF)
  • enkeltpersonsføretak (ENK)

Treng du hjelp?

Skattehjelpen er ei eining i Skatteetaten som kan hjelpe skattebetalarar som er i ein særleg vanskeleg livssituasjon. Målet er å finne løysingar som kan forbetre situasjonen og gjere skattebetalaren i stand til å betale riktig skatt.