Viktig informasjon

Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.

Sjå personopplysningane mine

Du har rett til innsyn i dei personopplysningane vi har registrert om deg. Du har rett til å vite kva dei blir brukte til, kvar dei er henta frå og kven dei blir utleverte til.

Sjekk sjølv ved å logge inn

Du finn det meste av informasjonen om deg ved å logge deg inn på nettsidene våre.

Her kan du mellom anna sjå:

  • kontaktinformasjonen din
  • opplysningane dine i Folkeregisteret
  • oversikt over skatten din, mellom anna skattekort, skattemelding og skatteoppgjer
  • kontonummeret du har registrert hos oss
  • innboksen din med fakturaer, meldingar og brev frå oss

Logg inn:

Mi side

Be om innsyn i personopplysningar

Du kan be om innsyn digitalt eller via post. Om du ønskjer innsyn i spesielle område, system, opplysningar eller år, ber vi om at du spesifiserer det.

Du har rett til å få ein kopi av alle personopplysningane vi har registrert om deg. Denne kopien kan ikkje brukast som dokumentasjon mot offentlege etatar eller private aktørar. Du vil ikkje få utlevert personopplysningar om andre, logg over kven som har gjort oppslag på opplysningane dine i systema våre, eller innsyn i dokument (utlevering av dokument).

Om du ønskjer innsyn i noko anna enn personopplysningar, til dømes dokument til ei sak du har hos oss, kan du i staden be om innsyn i saksdokument (partsinnsyn).

Digitalt

Send via bestillingsskjeamet vårt.

På papir

Send eit brev til oss og skriv kva du ønskjer opplysningar om.

Brevet sender du til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Behandlingstid og svar

Fristen for å svare på ein førespurnad etter personopplysningslova er 1 månad, men denne kan i nokre tilfelle utsetjast i 2 månader til. Dersom det er nødvendig å utsetje fristen, gir vi deg beskjed.

Du får svar frå oss i innboksen din på Mi side. Om du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon, sender vi det til den folkeregistrerte postadressa di.

Opplysningar vi behandlar

Du kan sjå utdjupande informasjon om kva opplysningar Skatteetaten behandlar, kva dei blir brukte til, kvar vi innhentar dei frå og kven vi kan dele opplysningane med:

Oversikt over opplysningar vi behandlar

Det finst fleire unntak frå innsynsretten. Til dømes har du ikkje innsyn i opplysningar som kan avsløre kontroll eller kontrollmetodikk, og det blir ikkje utlevert teiepliktige opplysningar om andre.

Opplysningar du sjølv kan logge inn for å sjå

Logg inn:

Mi side

Du får informasjon om:

    • namn
    • fødselsnummer
    • bustadadresse
    • eventuell postadresse (opphaldsadresse om du har d-nummer)
    • eventuell registrert kompetanse på samisk språk

    • kva for arbeidsgivar(ar) som har henta skattekortet ditt
    • kva for opplysningar arbeidsgivaren din har sendt oss

    • skattekort - kva arbeidsgivaren din trekkjer deg i lønn
    • skattemelding - samla oversikt over inntekter, frådrag, formue og gjeld du har
    • skatteoppgjer - resultatet av ei ferdig behandla skattemelding, der du får vite om det blir pengar til gode eller om du må betale tilbake pengar (restskatt)
    • tilgangar - du kan gi andre tilgang til å sjå eller endre i skatteforholda dine
    • krav og betalingar - ei oversikt over alle krav (fire år tilbake i tid) mellom Skatteetaten og deg. Har du fått restskatt eller pengar igjen på skatten, vil dette beløpet stå i lista over krav.

Viss du vil vite meir om

  • kva opplysningar Skatteetaten behandlar
  • kva opplysningane blir brukte til
  • kvar vi innhentar opplysningane frå
  • kven vi kan dele opplysningane med

les utdjupande informasjon her.

Opplysningar du kan be om å få sjå

Du har rett til å få ein kopi av alle personopplysningane vi behandlar om deg. Du har også rett til å til dømes få vite kva opplysningane blir brukte til, kvar dei er henta frå og kven dei blir utleverte til. Dersom det er spesielle område, opplysningar eller årstal du ønskjer innsyn i, og som du ikkje finn i nokon av løysingane du kan logge deg inn i sjølv, ber vi deg spesifisere kva du ønskjer opplysningar om, og sende oss ein førespurnad. 

Slik kan du be om å få sjå personopplysningar om deg sjølv

Når vi gir innsyn i eigne personopplysningar, må vi vere heilt sikre på at vi gir opplysningane til rett person. Du må derfor anten

  • logge deg inn og sende ein førespurnad om kva du ønskjer opplysningar om eller
  • sende eit brev til oss og skrive kva du ønskjer opplysningar om: Skatteetaten, Postboks 3200, Grønland 0134 Oslo

Du får svar frå oss anten i innboksen din i Altinn eller til den folkeregistrerte postadressa di, dersom du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon.

Behandlingstid

Fristen for å svare på ein førespurnad etter personopplysningslova er 1 månad, men denne kan i nokre tilfelle utsetjast i ytterlegare 2 månader. Dersom det er nødvendig å utsetje fristen, vil vi gi deg beskjed.