Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Kjeldeskatt på pensjonar og uføreytingar
Pensjonar og uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, er skattepliktige i Noreg.
Dette inneber at du er skattepliktig for norsk pensjonar og norske uføreytingar, sjølv om du er skattemessig emigrert frå Noreg, eller aldri har vore skattemessig busett i Noreg. Den som utbetaler pensjonen eller uføreytinga, skal trekkje 15 prosent skatt av brutto pensjon eller uføreyting.
Kjeldeskatten på pensjonar og uføreytingar gjeld for
- pensjon frå folketrygda
- offentlege tenestepensjonar
- private tenestepensjonar
- andre private pensjonar
- uføretrygd frå folketrygda
- uføreytingar frå andre ordningar
Den som betalar ut pensjonen/uføreytinga, skal trekkje 15 prosent skatt av brutto pensjon/uføreytingar.
Unntak frå skatteplikta
Du skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar når
- ytinga er barnepensjon til barn under 17 år
- ytinga er krigspensjon
- du ikkje har tent opp pensjonspoeng i den norske folketrygda og berre mottar private pensjonar eller uføreytingar
Rett til lågare sats
Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak
- etter skatteavtalen Noreg har med det landet der du er busett, eller
- dersom du bur i eit EU/EØS-land og minst 90 prosent av den totale inntekta di er skattepliktig i Noreg
Skattekort
Når du byrjar å motta pensjon, kan du kontakte Skatteetaten for å avklare kva type skattekort du bør ha. Viss du ikkje kan kontakte oss elektronisk, kan du sende eit brev til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO
Hugs å gi opp fødselsnummer eller d-nummer når du kontaktar Skatteetaten.
Alderspensjon – krigspensjon – fritak etter skatteavtale
- Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort
- Dersom du får alderspensjon i tillegg til krigspensjon, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.
- Søkjer du om delvis eller fullt fritak etter ein skatteavtale, må du sende inn ei godkjend stadfesting frå rette myndighet i bustadlandet ditt på at du er busett der.
Skattemelding
Viss du har fått eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent, må du sjekke skattemeldinga di.
Dersom du er busett i eit EØS-land og inntekta di i bustadlandet er for låg til at du får utnytta retten til personlege frådrag der, kan du søkje om utvida frådrag når du leverer skattemeldinga di.
Unngå å bli skattlagt dobbelt
Dersom pensjonen eller uføreytinga er skattepliktig både i Noreg og i det landet der du er busett, er det bustadlandet som skal sørgje for at du ikkje blir skattlagt dobbelt. Skatteoppgjeret viser kor mykje skatt du har betalt i Noreg. Du kan bruke skatteoppgjeret som dokumentasjon overfor skattestyresmaktene i bustadlandet ditt.