Viktig informasjon

Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.

Mogleg du kan få redusert kjeldeskatt på pensjon og uføretrygd

Frå inntektsåret 2019 er det innført ein ny regel for redusert kjeldeskatt. Du kan no ha rett til redusert kjeldeskatt dersom du er kjeldeskattpensjonist som bur i eit EØS-land og har så låg inntekt der at du ikkje får utnytta retten til personlege frådrag.

Du kan krevje redusert kjeldeskatt dersom du:

  • er busett i eit anna EØS-land enn Noreg, og
  • du har tent opp retten til pensjonen eller uføretrygda i Noreg ved fri rørsle for arbeidstakarar innanfor EØS-området, og
  • du har så låg inntekt i bustadlandet ditt at du ikkje får utnytta retten til personlege frådrag der

Fri rørsle inneber at du må ha vore statsborgar i eitt EØS-land, men arbeidd i eit anna EØS-land når du tente opp rettane til pensjon i Noreg. Dette gjeld for eksempel dersom du budde i eit EØS-land og arbeidde i Noreg.

Reglane gjeld ikkje nordmenn som har budd i Noreg heile livet, og som flyttar til eit anna EØS-land som pensjonist, og som tek imot alderspensjon frå Noreg.

Slik gjer du det:

Du må sjølv krevje å få redusert skatten etter at skatten er fastsett og rekna ut i skatteoppgjeret.

  1. Lag eit krav
    Forklar kvifor du meiner du har krav på å få redusert skatten. Du må vise at inntekta i bustadlandet er for låg til at du får utnytta retten din til personlege frådrag.
    Legg også ved desse dokumenta:
    • stadfesting på bustad (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadlandet ditt som gjeld for det inntektsåret kravet gjeld
    • dokumentasjon på at du har tent opp retten til pensjonen eller uføretrygda ved fri rørsle for arbeidstakarar innanfor EØS-området
    • kopi av skattemeldinga di og eventuelt skattemeldinga til ektefellen din eller liknande til bustadlandet frå det aktuelle inntektsåret

  2. Send inn kravet
    Du kan logge deg inn i Altinn og sende kravet elektronisk eller sende i posten til oss:

Skatteetaten
Postboks 3200 – Grønland
0134 OSLO

Du kan òg gå inn i skattemeldinga, leggje til kravet som vedlegg og sende inn skattemeldinga på nytt.

Nytt skatteoppgjer

Dersom du oppfyller vilkåra, får du eit nytt skatteoppgjer der kjeldeskatten er redusert.

I tillegg til den nye regelen gjeld som tidlegare at du som er busett i eit anna EU/EØS-land og skal skattleggast i Noreg, kan krevje å få skatten rekna ut etter dei same reglane som gjeld for personar busett i Noreg.