Dekor lav

Gjere endringar eller klage på vedtak

Endre 

Viss du har sendt inn ein søknad og oppdagar at søknaden har feil eller manglar informasjon, må du sende inn ein ny søknad 

Dette gjeld også viss det skjer endringar etter at søknaden er innvilga og tilskot har blitt utbetalt. Då vil Skatteetaten anten krevje inn eller betale ut differansen. Du får ein eigen faktura på dette. 

Det er den søknaden som er send inn sist som gjeld. 

Klage 

Viss du meiner at vedtaket du har fått er feil, har du rett til å klage på vedtaket innan seks veker etter at du fekk vedtaksbrevet.  

I klagen må du ta med dette: 

  • Grunngivinga for klagen. Ta med alle opplysningar som du meiner kan ha betydning for vurderinga av klagen. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på opplysningane saman med klagen, men du må kunne framvise dokumentasjon viss vi ber om det
  • Kva for endringar du ønskjer

Vi vurderer klagen. Vi held deg oppdatert om kva som skjer vidare i føretaket sin innboks i Altinn. 

Viss vi er einige i klagen, gjer vi om på vedtaket. 

Viss vi ikkje er einige i klagen, sender vi han vidare til behandling i Skattedirektoratet som er klageinstans. Viss Skattedirektoratet er einige i klagen, gjer vi om på vedtaket. Viss Skattedirektoratet ikkje er einige i klagen, blir søknaden endeleg avslått. 

Dekning av sakskostnader 

Viss vi er einige i klagen din, kan du i nokre tilfelle ha rett til å få dekka kostnadane du har hatt med å klage. Viss du meiner å ha krav på dette, må du sende oss ein skriftleg førespurnad.