Dekor lav

Kontakt oss

Finn svar på lonnsstotte.no:

Viktig informasjon
  • Vi kan ikkje seie noko om når akkurat søknaden din blir ferdig behandla. Du får beskjed frå Skatteetaten i innboksen til føretaket i Altinn. Du kan òg sjå status på søknaden. 

    Merk at behandling av søknader først startar ei veke etter at søknadsskjema opnar, og det tar derfor litt lengre tid i starten før du får svar.   

    Dersom søknaden blir godkjent, betaler vi vanlegvis ut pengane til kontonummeret du oppgav i søknaden innan nokre få dagar etter at søknaden har blitt innvilga. 

    • Dersom du har sendt inn ein søknad og oppdagar at søknaden har feil eller manglar informasjon, må du sende inn ein ny søknad.  
    • Dersom du meiner at vedtaket du har fått er feil, har du rett til å klage på vedtaket innan seks veker etter at du fekk vedtaksbrevet.

  • Slik reknar du ut omsetninga og omsetningsfallet til føretaket.  
  • Slik reknar du ut støttebeløpet per tilsett.

Telefon  

Viss du lurer på noko du ikkje finn svar på her på lonnsstotte.no, kan du ringje oss:   

800 80 000

Frå utlandet kan du ringje +47 22 07 70 00.  

Opningstider for telefon 

Ordinær opningstid er 09:00–15:00 på kvardagar.   

Tips om misbruk 

Dersom du har mistanke om misbruk av støtteordninga, kan du tipse Skatteetaten.