Dekor lav

Om ordninga

Ordninga er ein del av regjeringa sine tiltak for å dempe dei økonomiske konsekvensane av virusutbrotet og smitteverntiltaka. 

Ordninga gjeld for arbeidsgivarar som er sjølvstendige næringsdrivande, selskap, ideelle organisasjonar og stiftingar, og som har permittert tilsette som følgje av virusutbrotet. 

Føremålet 

Føremålet med ordninga er å redusere talet på arbeidsledige og permitterte ved at føretak tør å ta tilbake permitterte tilsette sjølv om tida framover er usikker. 

Ordninga er mellombels og retta mot føretak, ideelle organisasjonar og stiftingar som oppfyller krava for å motta tilskot. 

Så lenge varer ordninga 

Ordninga er for arbeidsgivarar som tar tilbake eigne tilsette frå permittering i periodane

  • 15. mars til 30. april 2021
  • 1. mai til 30. juni 2021
  • 1. juli til 31. august 2021

Frå 1. september kan du søkje for støtteperiodane 15. mars til 30. april og 1. mai til 30. juni 2021. Endeleg søknadsfrist for begge periodane er 30. september.

Søknader for perioden 1. juli til 31. august kan sendast inn frå 1. oktober. Endeleg søknadsfrist for denne perioden er 31.oktober.

Desse står bak 

Finansdepartementet har gitt Skatteetaten ansvaret for å få på plass og forvalte ordninga. 

Automatisert løysing 

Arbeidsgivarar som søkjer om tilskot bruker eit digitalt skjema i søknadsportalen. Her legg føretaket sjølv inn informasjon, mellom anna om omsetningstal, opplysningar om kva tilsette dei tar tilbake i arbeid og kva periodar det gjeld. Det må sendast inn ein søknad per periode. 

Som arbeidsgivar må du rapportere alle arbeidstakarane dine til Aa-registeret via a-meldinga. Rapporteringa du har gjort i a-meldinga er grunnlaget for saksbehandlinga, så det er viktig at rapporteringa er riktig og fullstendig før du søkjer. 

Søknadsprosessen er i stor grad automatisert, og prosessen frå du søkjer til du får utbetalt støtte skal for dei fleste gå raskt. Den automatiserte prosessen verifiserer både søkjarar og dei opplysningane som blir gitt opp mot andre registerdata. Alle godkjente søknader må gjennom ei seriøsitetsvurdering før utbetaling av støtte. 

Kontrollar og sanksjonar 

Skatteetaten kjem også i ettertid til å gjennomføre kontrollar for å avdekkje eventuelt misbruk. Dersom Skatteetaten avdekkjer misbruk, kan vi påleggje sanksjonar eller politimelde misbruket.