Dekor lav

Søk lønnsstøtte for å ta permitterte tilbake i jobb

No kan du søkje om støtte for perioden 1. juli til 31. august. Endeleg søknadsfrist for denne perioden er 31. oktober.  

Du søkjer for heile perioden, men dei tilsette treng ikkje å ha vore i arbeid i heile perioden. 

Søknadsfristen for støtteperiodane 15. mars til 30. april og 1. mai til 30. juni var 30. september. Søknadsfristen er endeleg, og det er ikkje mogleg å søkje for desse periodane no.  

Dersom du har sendt inn ein søknad og oppdagar at søknaden har feil eller manglar informasjon, skal du sende inn ein ny søknad. 

For å sjekke om du kvalifiserer for å søkje om støtte må du svare på mellom 1 og 9 spørsmål.