Dekor lav

Spesielt for føretak som har tilsette som arbeider i permitteringsperioden

Det er mogleg å kombinere arbeid i permitteringstida med søknad om lønnsstøtte.

Viktig informasjon

For at vi skal kunne behandle søknaden din om lønnsstøtte, må du rapportere i a-meldinga som om permitteringa er avslutta eller at permitteringsgraden er redusert.

Dette gjeld berre ved søknad om lønnsstøtte, sidan avslutta permittering for tilsette som jobbar i permitteringstida vanlegvis ikkje skal rapporterast. Du skal derfor berre bruke denne rettleiinga for perioden 5. mars–31. august 2021.

Det blir berre gitt lønnsstøtte for tilsette som har ein reduksjon i permitteringsgrad i støtteperioden samanlikna med permitteringsgraden per 5. mars 2021.

For tilsette som har jobba i permitteringstida må du derfor rapportere inn permitteringsgrad justert for arbeid i permitteringstida per 5. mars 2021, slik at vi kan sjå om den tilsette kvalifiserer for lønnsstøtte og berekne rett støttebeløp.

Den permitterte kan i utgangspunktet arbeide i inntil 6 veker utan at permitteringa blir avbroten. LO og NHO har avtalt nye permitteringsreglar, der denne grensa blir utvida til 10 veker for perioden 8. mai 2021 til og med 30. september 2021. Føretaket ditt kan vere omfatta av avtalen dersom du har lokal semjeprotokoll om at reglane om ansiennitet i hovudavtalen er følgde ved inntak av permitterte arbeidstakarar i arbeid.

Føretak som er omfatta av avtalen

Den permitterte kan arbeide i inntil 10 veker utan at permitteringa blir avbroten. Dersom den tilsette er tilbake i den vanlege stillingsprosenten sin i meir enn 10 samanhengande veker, vil permitteringa bli rekna som avbroten.

Føretak som ikkje er omfatta av avtalen

Den permitterte kan arbeide i inntil 6 veker utan at permitteringa blir avbroten. Dersom den tilsette er tilbake i den vanlege stillingsprosenten sin i meir enn 6 samanhengande veker, vil permitteringa bli rekna som avbroten.

Dersom du skal permittere tilsette på nytt i perioden inntil 6/10 veker, treng du ikkje å sende nytt permitteringsvarsel, og du skal ikkje betale lønn for dei første 10 dagane av permitteringa. Dei tilsette treng heller ikkje å søkje om dagpengar på nytt, men dei må fylle ut meldekort, der dei oppgir talet på timar dei har jobba i perioden med arbeid i permitteringstida.

Dersom du kan og ønskjer å nytte moglegheita til å la permitterte tilsette jobbe i permitteringstida, må du anten

  • rapportere i a-meldinga at permitteringa er avslutta, dersom dei tilsette blir tatt heilt tilbake i inntil 6 eller 10 veker i permitteringstida, eller
  • rapportere inn justert permitteringsgrad etter kor mykje den tilsette jobbar i forhold til normal arbeidstid i a-meldinga viss du tar tilsette delvis tilbake i inntil 6 eller 10 veker i permitteringstida

Dette gjeld òg om du har hatt tilsette som jobba i permitteringstida per 5. mars 2021. Dei tilsette må hugse å melde frå til NAV og føre rett tal på arbeidstimar på meldekorta.

Dersom den tilsette har vore heilt tilbake i arbeid i permitteringsperioden, må du rapportere at permitteringa er avslutta den datoen den tilsette blir tatt tilbake i arbeid.

Døme

Ola har vore 100 prosent permittert frå 1. januar 2021. Den 15. mars 2021 blir han tatt heilt tilbake i arbeid i permitteringstida. Du skal då rapportere at permitteringa vart avslutta den 14. mars 2021.

Dette skal du rapportere i a-meldinga som om permitteringsprosenten har vorte endra.

For å endre permitteringsprosent, set sluttdato på eksisterande permitteringsID dagen før endringa skjedde. Opprett så ein ny permitteringsID med ny permitteringsprosent og startdato den dagen endringa skjedde.

Døme

Ola er 80 prosent permittert frå 1. januar 2021. Den 15. mars byrjar Ola å jobbe tilsvarande ei 50 prosents stilling i permitteringstida.
Slik oppgir du dette i a-meldinga

A-meldinga for januar og februar

 

Permitteringsnemning

Permitteringsprosent

PermitteringsID

x

Startdato på permittering

1. januar

Sluttdato på permittering

 

Permitteringsprosent

80

I tillegg oppgir du andre obligatoriske opplysningar.

A-melding for mars

 

Permitteringsnemning

Permitteringsprosent

PermitteringsID

x

Startdato på permittering

1. januar

Sluttdato på permittering

14. mars

Permitteringsprosent

80

A-melding for mars

 

Permitteringsnemning

Permitteringsprosent

PermitteringsID

z

Startdato på permittering

15. mars

Sluttdato på permittering

 

Permitteringsprosent

50

I tillegg oppgir du andre obligatoriske opplysningar. Du oppgir den nye permitteringsID-en i a-meldingane fram til og med den rapporteringsmånaden permitteringa blir avslutta. Dersom den tilsette blir tatt heilt tilbake i arbeid i tidsrommet 5. mars – 31. august 2021, skal permitteringa rapporterast som avslutta den datoen den tilsette blir tatt heilt tilbake i arbeid. Dersom den tilsette blir permittert på nytt etter å ha vore i ordinært arbeid i meir enn 6 eller 10 veker, må du rapportere ny permittering.

Du kan ikkje søkje om lønnsstøtte for desse tilsette, fordi dei i realiteten var tatt heilt tilbake i arbeid per 5. mars 2021. Les meir om vilkåra for å få lønnsstøtte.

Dette skal rapporterast i a-meldinga som om permitteringsprosenten har blitt endra per 5. mars 2021.

For å endre permitteringsprosent, set sluttdato på eksisterande permitteringsID dagen før endringa skjedde, det vil seie 4. mars 2021. Opprett så ein ny permitteringsID med ny permitteringsprosent og startdato 5. mars 2021.

Dersom det skjer endringar i kor mykje den tilsette jobbar etter 5. mars, skal du rapportere dette slik som skildra i rettleiingane over.

Døme
Ola er 100 prosent permittert frå 1. januar 2021. Han har jobba 30 prosent i permitteringstida frå 1. mars 2021. Den 15. mars byrjar Ola å jobbe tilsvarande ei 50 prosent stilling i permitteringstida.
Slik oppgir du dette i a-meldinga

A-melding for januar og februar

 

Permitteringsnemning

permittering

PermitteringsID

x

Startdato på permittering

1. januar

Sluttdato på permittering

 

Permitteringsprosent

100

I tillegg oppgir du andre obligatoriske opplysningar.

A-melding for mars

 

Permitteringsnemning

permittering

PermitteringsID

x

Startdato på permittering

1. januar

Sluttdato på permittering

4. mars

Permitteringsprosent

100

 

A-melding for mars

 

Permitteringsnemning

permittering

PermitteringsID

y

Startdato på permittering

5. mars

Sluttdato på permittering

14. mars

Permitteringsprosent

70

A-melding for mars

 

Permitteringsnemning

permittering

PermitteringsID

z

Startdato på permittering

15. mars

Sluttdato på permittering

 

Permitteringsprosent

50

I tillegg oppgir du andre obligatoriske opplysningar.

Du oppgir den nye permitteringsID-en i a-meldingane fram til og med den rapporteringsmånaden permitteringa blir avslutta. Dersom den tilsette blir tatt heilt tilbake i arbeid i tidsrommet 5. mars – 31. august 2021, skal permitteringa rapporterast som avslutta den datoen den tilsette blir tatt heilt tilbake i arbeid. Dersom den tilsette blir permittert på nytt etter å ha vore i ordinært arbeid i meir enn 6 eller 10 veker, må du rapportere ny permittering.