Sjå personopplysningane mine

Du har rett til innsyn i dei personopplysningane vi har registrert om deg. Du har rett til å vite kva dei blir brukte til, kvar dei er henta frå og kven dei blir utleverte til.

Sjekk sjølv ved å logge inn

Du finn det meste av informasjonen om deg ved å logge deg inn på nettsidene våre.

Her kan du mellom anna sjå:

  • kontaktinformasjonen din
  • opplysningane dine i Folkeregisteret
  • oversikt over skatten din, mellom anna skattekort, skattemelding og skatteoppgjer
  • kontonummeret du har registrert hos oss
  • innboksen din med fakturaer, meldingar og brev frå oss

Logg inn:

Mi side

Be om innsyn i personopplysningar

Du kan be om innsyn digitalt eller via post. Om du ønskjer innsyn i spesielle område, system, opplysningar eller år, ber vi om at du spesifiserer det.

Du har rett til å få ein kopi av alle personopplysningane vi har registrert om deg. Denne kopien kan ikkje brukast som dokumentasjon mot offentlege etatar eller private aktørar. Du vil ikkje få utlevert personopplysningar om andre, logg over kven som har gjort oppslag på opplysningane dine i systema våre, eller innsyn i dokument (utlevering av dokument).

Om du ønskjer innsyn i noko anna enn personopplysningar, til dømes dokument til ei sak du har hos oss, kan du i staden be om innsyn i saksdokument (partsinnsyn).

Digitalt

Send via bestillingsskjeamet vårt.

På papir

Send eit brev til oss og skriv kva du ønskjer opplysningar om.

Brevet sender du til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Behandlingstid og svar

Fristen for å svare på ein førespurnad etter personopplysningslova er 1 månad, men denne kan i nokre tilfelle utsetjast i 2 månader til. Dersom det er nødvendig å utsetje fristen, gir vi deg beskjed.

Du får svar frå oss i innboksen din på Mi side. Om du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon, sender vi det til den folkeregistrerte postadressa di.

Opplysningar vi behandlar

Du kan sjå utdjupande informasjon om kva opplysningar Skatteetaten behandlar, kva dei blir brukte til, kvar vi innhentar dei frå og kven vi kan dele opplysningane med:

Oversikt over opplysningar vi behandlar