Samarbeid med studentar
Informasjon til bachelor-, master- og ph.d.-studentar som ønskjer samarbeid med Skatteetaten. Her finn du informasjon om kva som er mogleg, forventningar og korleis du tar kontakt.
Ph.d.-studentar kan samarbeide med oss når
- prosjektet ditt har tydeleg relevans for fagområda til Skatteetaten
- du er tilknytt ein utdannings- eller forskingsinstitusjon
Send ei kort skildring av prosjektet, føremålet og kva type samarbeid du ser for deg. Vi vurderer alle førespurnader etter relevans og kapasitet.
Viss prosjektet føreset tilgang til forskingsdata, må du sende ein separat søknad om dette.
Vi kan samarbeide med masterstudentar som
- skriv oppgåve innanfor område som er relevante for Skatteetaten
- er knytt til ein utdanningsinstitusjon
Samarbeidet kan gjelde avklaringar av tema, innspel til problemstillingar eller informasjon om aktuelle datakjelder.
Me tilbyr ikkje akademisk rettleiing og kan ikkje garantere tilgang til forskingsdata.
Send ei kort skildring av prosjektet, føremålet og kva type samarbeid du ser for deg. Vi vurderer alle førespurnader etter relevans og kapasitet.
Om du treng tilgang til forskingsdata, må rettleiaren din søkje om dette.
Vi har per i dag ikkje kapasitet til å tilby individuelt samarbeid eller rettleiing til bachelorstudentar. Bachelorstudentar er likevel velkomne til å bruke opne kjelder, offentleg tilgjengeleg statistikk og informasjon på skatteetaten.no i oppgåvene sine.
Kontakt oss
Alle førespurnader om samarbeid kan sendast til [email protected].
Vi vurderer alle førespurnader etter relevans og kapasitet.