Slik søkjer du om forskingsdata
Du kan søkje om å bruke opplysningar frå Skatteetaten til forskingsføremål. Søknaden må dokumentere at prosjektet oppfyller vilkåra for utlevering.
Kven kan søkje?
- Forskarar ved forskingsinstitusjonar i Noreg og EØS
- Doktorgradsstudentar som er knytt til ein utdannings- eller forskingsinstitusjon
- Masterstudentar, dersom prosjektet har eit klart definert føremål
Det er rettleiaren til studenten som må sende søknaden, på vegner av studenten. Rettleiaren må vere knytt til utdanningsinstitusjonen til studenten.
Dette kan du søkje om
Data til masteroppgåver blir som hovudregel utleverte i anonymisert eller avidentifisert form til rettleiaren til studenten. Store datasett eller datasett med mange variablar lèt seg ofte ikkje anonymisere. Vi tilrår derfor at du søkjer om
- eit tilfeldig utval
- berre nokre få variablar
- datasett med låg risiko for indirekte identifisering
Statistisk sentralbyrå (SSB) får store delar av dataa til Skatteetaten og tilgjengeleggjer desse gjennom microdata.no. Vi tilrår at studentar som ønskjer å skrive om skatt også undersøkjer kva data som er tilgjengeleg gjennom løysinga til SSB.
Behandling av søknaden
Søk i god tid.
Behandling av datasett og anonymisering er ressurskrevjande, og søknader som ikkje kan anonymiserast med rimeleg ressursbruk blir normalt avslått.
Om vi kan prioritere utlevering av data til masterstudentar, kjem an på omfanget av førespurnaden og intern kapasitet hos oss.
Dette kan du søkje om
Du kan søkje om dei opplysningane som er nødvendige for å svare på forskingsspørsmåla dine. Vi kan ikkje utlevere meir data enn det som trengst for føremålet.
Sjå kva data du kan søkje om tilgang til.
Dette kan du ikkje søkje om
Du kan ikkje søkje om opplysningar
- som vi har fått frå utlandet for skatteføremål
- om sperra adresse
- frå valutaregisteret
- som andre enn Skatteetaten forvaltar, til dømes opplysningar frå a-meldinga som blir innhenta på vegner av andre etatar
Sjekk om SSB kan levere dataa du treng
Statistisk sentralbyrå (SSB) får store delar av dataa til Skatteetaten og tilgjengeleggjer desse gjennom microdata.no. Vi tilrår at du undersøkjer kva data som er tilgjengeleg gjennom løysinga til SSB.
Dette må søknaden innehalde
Du må sende oss:
- Namna på personar som skal ha tilgang til opplysningane
- Institusjonstilknyting
- Dokumentasjon på forskingskompetanse (CV)
- Kva opplysningar du søkjer om, for kva år og grunngiving for kvifor du treng desse (sjå oversikt over forskingsdata)
- Om du søkjer om identifiserbare eller anonymiserte data
- Om du søkjer om direkte eller indirekte identifiserbare data, må du grunngi kvifor du treng desse.
- Prosjektskildring, kor føremål, metode og plan for gjennomføring kjem tydeleg fram
- Nødvendige godkjenningar, til dømes frå personvernombod (DPIA)
- Datatilsynet stiller krav om personkonsekvensvurdering (DPIA) når du samanstiller opplysningar frå operasjonar med ulike føremål, eller behandlar personopplysningar i stor skala. Det vil derfor i dei aller fleste tilfella vere krav om DPIA.
- Skildring av korleis dataa skal lagrast og sikrast i prosjektperioden
- Kor lenge forskingsprosjektet skal vare
- Tidspunktet for sletting av dataa
Vi utleverer som regel ikkje opplysningar om heile populasjonar. I staden gjer vi eit tilfeldig uttrekk frå den populasjonen variablane blir henta frå. Skriv i søknaden korleis du ønskjer at delpopulasjonen skal avgrensast.
Er du usikker på om søknaden din oppfyller krava, kan du ta kontakt for rettleiing.
Krav til format
Du må sende søknaden og vedlegga samla.
Søknaden må
- skrivast i ein brevmal med logoen til institusjonen, der organisasjonsnummeret til institusjonen kjem fram
- vere i PDF-format
- vere signert av den ansvarleg forskaren
Slik sender du søknaden
Send søknad og dokumentasjon samla til [email protected].
Behandling av søknaden
Søknader blir vurderte etter skatteforvaltningslova, forvaltningslova og folkeregisterlova. Vi gjer ei samla vurdering av føremålet, relevansen og ressursbehovet for prosjektet.
Når du får innvilga ein søknad om forskingsdata, følgjer det krav for korleis opplysningane skal behandlast. Les om dei viktigaste krava her.