Forsking: Identifiserbare eller anonyme data

Når du søkjer om forskingsdata frå Skatteetaten må du grunngi om opplysningane skal vere direkte eller indirekte identifiserbare eller kan utleverast i anonymisert form.

Skatteetaten skil i utgangspunktet mellom

  • direkte identifiserbare data
  • indirekte identifiserbare data
  • anonyme data

Direkte identifiserbare data er opplysningar som direkte identifiserer hen, dei og/eller det opplysninga gjeld. Døme på dette er fødselsnummer og organisasjonsnummer.

Indirekte identifiserbare data er opplysningar som kan indirekte identifisere hen, dei og/eller det opplysninga gjeld. Eit døme på dette er data som ikkje inneheld fødselsnummer og/eller organisasjonsnummer, men der indirekte identifisering er mogleg.

Anonyme data inneber at identifisering, direkte eller indirekte, ikkje er mogleg når alle hjelpemiddel som innanfor rimelege grenser kan tenkjast brukt, blir tatt i betraktning. Rettleiaren om anonymisering av personopplysningar frå Datatilsynet inneheld døme på kva anonymisering kan innebere i praksis. Rettleiaren kan også vere relevant for andre data enn personopplysningar.