Russebuss som er registrert i utlandet
Dersom du vurderer å leige ein utanlandsregistrert buss som russebuss i Noreg, må du undersøkje om du skal betale avgifter for bruken.
Kort om
Når du importerer ein buss eller bil som du skal bruke i Noreg, må du i utgangspunktet betale eingongsavgift, vrakpantavgift, meirverdiavgift og klimagassavgift.
Dersom du berre skal bruke bussen i ein avgrensa tidsperiode, til dømes leige han, kan du i nokre tilfelle sleppe å betale avgift.
Viss du meiner at bussen ikkje er eit utleigekøyretøy, må du kontakte oss.
Gjeld det deg?
Dette gjeld deg som har planar om å leige ein utanlandsregistrert buss som russebuss i Noreg.
Leigeforholdet må vere reelt. Ordninga gjeld difor ikkje om det finst ein underliggjande avtale om at du eigentleg eig bussen.
Krav til deg som leiger
Ligetakaren må
- ha fast opphaldsstad i Noreg, og
- stå som leigetakar i leigekontrakten, og
- ha førarkort klasse D og dermed vere over 24 år (sjå vilkåra for dette hos Statens vegvesen), og
- til kvar tid vere med bussen når han er i bruk – det vil seie ikkje berre når han køyrer, men også når han er i bruk medan han er parkert, viss han må reparerast og så vidare
Det er mogleg å vere fleire leigetakarar samtidig.
Dette må du gjere
Leigetakarar som oppfyller krava ovafor, og som skal bruke bussen i Noreg, må melde inn sin eigen bruk til Skatteetaten.
Meld inn bruk av utanlandsregistrert leigebil
Leigetakaren som oppfyller karava ovafor, må alltid vere til stades medan bussen er i bruk – det vil seie ikkje berre når han køyrer, men også når han brukast medan han til dømes er parkert eller reparerast. Er det fleire leigetakarar som har melde inn bruk, må ein av dei alltid vere til stades.
Viss du ikkje oppfyller krava og melder inn bruken av bussen, eller du på annan måte ikkje følgjer regelverket, må du betale avgifter for bruken av bussen. Du kan også få ein tilleggsskatt.
I utgangspunktet er det den eller dei som står i leigekontrakten og som har meldt inn bruken sin til Skatteetaten, som kan køyre bussen.
Andre personar som har fast opphaldsstad i Noreg, kan også køyre bussen. Det føreset at leigetakarar som har meldt inn bruken av bussen, også er med i bussen når han er i bruk.
Korkje leigetakarar eller andre kan få betaling for å køyre bussen.
Når du er ferdig med å bruke bussen, må du anten ta bussen ut av Noreg igjen eller levere han tilbake til utleigaren. Dette må du gjere før bruksperioden du har meldt inn til oss er gått ut.
Dokumentasjon
Når du har meldt inn bruken av eit utanlandsregistrert køyretøy til Skatteetaten, får du ei tilbakemelding. Denne er å rekna som ei stadfesting på at du har fått køyreløyve frå oss.
Du må alltid ha med deg dette køyreløyvet og leigekontrakten i bussen.
Relatert informasjon
Annan nyttig informasjon for deg som vurderer russebuss eller russebil:
Rettskjelder
- Meir om reglane for bruk av utanlandsregistrert utleigekøyretøy i forskrift om midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge (Lovdata)
- Kommentarane til Skatteetaten til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift