Forelding av krav
Eit krav blir vanlegvis forelda dersom det ikkje har vorte betalt innan tre år. Nokre krav, som bøter, erstatningskrav, studielån, barnebidrag og andre underhaldbidrag blir forelda etter ti år.
Skatteetaten jobbar for at det du skuldar blir betalt før kravet blir forelda.
Ny foreldingsfrist
Foreldingsfristen kan bli utvida slik at vi får lenger tid til å gjennomføre innkrevjinga. Dette kan skje mellom anna når
- vi har sendt varsel om utlegg (utleggsforretning). Den nye foreldingsfristen er på ti år frå vi sender varselet.
- du vedgår kravet. Ei vedgåing kan til dømes vere at du har betalt inn noko på kravet, eller at du har vedkjent kravet gjennom skriftleg kommunikasjon.
Om du har fått eit krav om tilbakebetaling av feilutbetalt yting frå Nav, kan du i nokre tilfelle få brev om at det ikkje er lenge til kravet blir forelda. Då har du to alternativ for å unngå tvangsinnkrevjing:
- Du kan betale ned heile kravet før fristen går ut.
- Du kan be om ei betalingsordning. Då må du signere ein avtale om fristforlenging og sende han inn til oss. Sjølv om du signerer avtalen, kan du framleis vere usamd i kravet frå Nav.
Fristen blir forlengd med 3 år frå datoen avtalen er send inn.