Betale tilbake krav frå Nav, Helfo og Garantikassen
Betale krav frå Helfo, Garantikassen for fiskarar og krav frå Nav – unntatt barnebidrag, ektefellebidrag og krav relaterte til desse.
Kontonummer
Bruk kontonummer 7694 05 69814.
Du må bruke kontonummeret som står over når du skal betale krav frå Nav, Helfo og Garantikassen for fiskarar.
Merk! Om du skal betale barnebidrag, ektefellebidrag og krav relaterte til desse, skal du bruke eit anna kontonummer.
Du skal alltid bruke det KID-nummeret som står på fakturaen. Skriv heile KID-nummeret. Er det ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, må du taste inn bindestreken òg.
Kontonummer
IBAN: NO31 7694 0569 814
SWIFT/BIC: DNBANOKK
Bank: DnB, N-0021 Oslo
Merking av innbetalinga
Dersom du betaler frå utlandet (via IBAN/SWIFT), og ikkje har KID, må du merkje innbetalinga di med norsk fødselsnummer / D-nummer eller med saksnummeret ditt.
Ta kontakt med Skatteetaten om du er usikker på korleis du skal merkje innbetalinga frå utlandet.
Betaling med utanlandsk valuta og gebyr
Ver merksam på at rekneskapen vår blir ført i norske kroner (NOK). Dersom du er usikker på konvertering av valuta, kan du kontakte banken din. Vi tilrår deg å betale i norske kroner for å sikre at du betaler rett beløp.
Bankane kan ta eit gebyr for overføringar til/frå bankar i andre land. Eventuelle gebyr som følgjer av bankoverføringa, må du dekkje sjølv.
Kan du ikkje betale heile kravet?
Du bør alltid betale kravet ditt viss du kan.
Viss du ikkje betaler innan fristen, må du betale forseinkingsrenter i tillegg til sjølve kravet. Det betyr at det blir dyrare for deg.
Om du ikkje kan betale, kan du søkje om betalingsavtale.