Betalingsavtale for krav frå Helfo, Garantikassa og dei fleste krav frå Nav
Om du ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan du søkje om å dele opp betalinga.
Gjeld det deg?
Dette gjeld deg som skal søkje om betalingsavtale for krav frå Helfo, Garantikassa for fiskarar og dei fleste krava frå Nav.
Merk at du må bruke eit eige skjema for å søkje om betalingsavtale for barnebidrag eller andre underholdsbidrag.
Du kan ikkje få betalingsavtale for etteroppgjer i uføretrygd og omstillingsstønad.
Dele opp betalinga
For å kunne sende inn skjemaet for andre, må du ha tilgang på vegner av personen eller verksemda du representerer. Oversikt over rollene og rettane dine finn du i profilen din i Altinn (altinn.no).
For å fylle ut og sende inn skjemaet, må du ha anten
- Altinn-rolla Avgrensa signeringsrett
eller
- tilgangspakke Innkrevjing
Kontakt Altinn brukarservice (altinn.no) om du har problem med roller og rettar.
- Krava må til saman vere under 100 000 kroner.
- Krava må betalast innan 24 månader.
- Avdragsbeløpet må vere minimum 500 kroner per månad.
- Søknaden må omfatte alle dei forfalne tilbakebetalingskrava dine frå Nav, og også dei forfalne skatte- og avgiftskrava dine dersom du har det.
- Du kan ikkje ha forfalne krav til Helfo
- Du kan ikkje ha fått betalingsavtale for same krav tidlegare.
- Du kan ikkje ha fått varsel om utlegg for krava du søkjer avtale for.
- Vi kan ikkje ha vedtatt trekk i inntekta di.
- Du må ha fylt 18 år.
Om du ikkje oppfyller kriteria over, kan vi unntaksvis gi deg ein betalingsavtale. Då må betalingsavtalen
- gi like god eller betre dekning enn innkrevjing med andre verkemiddel, til dømes tvangsinnkrevjing
- ikkje verke støytande eller kunne svekkje den alminnelege betalingsmoralen
Det er Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten som vurderer om kriteria er oppfylte.
- Forklaring på kvifor du ikkje kan betale i tide eller på vanleg måte.
- Forslag til betalingstilbod eller nedbetalingsplan.
- Oversikt over inntektene og utgiftene til husstanden.
Søknaden må omfatte alle dei forfalne tilbakebetalingskrava dine frå Nav, og også dei forfalne skatte- og avgiftskrava dine dersom du har det.
Du må sende inn dokumentasjon på utgiftene dine.
Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og dermed trekk i inntekta di.
Om du har alvorlege gjeldsproblem
Om du har stor gjeld til andre kreditorar i tillegg til Skatteetaten, bør du søkje om ein felles avtale med kreditorane dine, ei gjeldsordning.
- Les meir om gjeldsordning hos politiet.
- Nav tilbyr også økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving.