Betalingsavtale for barnebidrag og andre underhaldsbidrag

Om du har bidragsgjeld og ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan du søkje om å dele opp kravet. 

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som har behov for ein betalingsavtale fordi du har bidragsgjeld, eller har fått krav om å betale tilbake for mykje utbetalt bidrag eller bidragsforskott.

Det månadlege bidraget kan ikkje delast opp. Du kan heller ikkje få betalingsavtale for særtilskott.

 

Når ordninga med barnebidrag kjem i gang, har det gjerne samla seg opp pengar som du som bidragspliktig skuldar bidragsmottakaren. Dette er fordi barnebidraget gjeld frå datoen de søkte. Det får altså tilbakeverkande kraft, og er dermed ei bidragsgjeld som du skal betale.

Når du får rekninga med bidragsgjeld, kan du velje å anten betale heile beløpet på ein gong eller fordele det utover fleire månader gjennom ein betalingsavtale. Du må altså betale denne bidragsgjelda i tillegg til det månadlege bidraget.

Om du ikkje betaler bidragsgjelda, vil saka kunne gå til tvangsinnkrevjing.

Dele opp bidragsgjeld

Du må søkje om å dele opp betalinga.

Merk at du må betale det fastsette bidraget som vanleg inntil du får svar på søknaden din. Forfallsdatoen er den 25. i kvar månad.

 

Logg inn og fyll ut RF-1374:

Del opp betalinga

For å kunne sende inn skjemaet for andre, må du ha tilgang på vegner av personen eller verksemda du representerer. Oversikt over rollene og rettane dine finn du i profilen din i Altinn (altinn.no).

For å fylle ut og sende inn skjemaet, må du ha anten

  • Altinn-rolla Avgrensa signeringsrett

eller

  • tilgangspakke Innkrevjing

Kontakt Altinn brukarservice (altinn.no) om du har problem med roller og rettar.

  • Krav under 100 000 kroner skal vere nedbetalte innan 2 år, og det månadlege beløpet må vere på minst 500 kroner.
  • Krav på 100 000 kroner eller meir skal vere nedbetalte innan 4 år.

Du kan sjølv føreslå eit månadleg betalingsbeløp over minimumsbeløpa. Vi vurderer forslaget ditt opp mot vilkåra våre. 

Du kan ikkje ha fått varsel om utlegg for krava du søkjer betalingsavtale for, og det kan heller ikkje vere vedtatt at du skal trekkjast i inntekta di. 

Du kan ikkje klage på ein betalingsavtale.

Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og dermed trekk i inntekta di.

Om du har alvorlege gjeldsproblem

Om du har stor gjeld til andre kreditorar i tillegg til Skatteetaten, bør du søkje om ein felles avtale med kreditorane dine, ei gjeldsordning.